Veteranplan for Stryn kommune

Stryn kommune fekk godkjent Veteranplan av kommunestyret i sak 131/23 den 23.11.2023.  Kommunen ønskjer med denne planen å etablere ein politikk på veteranfeltet. Ein kommunal veteranplan skal bidra til å etablere og gjennomføre ei systematisk oppfølging av veteranar med familiar, samt gje heider og anerkjenning til alle veteranar. 

Kommunen har oppretta ein kommunal veterankontakt. Veterankontakten har ansvar for å halde oversikt over kommunen sitt tilbod til veteranar og familiane deira. I tillegg skal veterankontakten ha kunnskap om sentrale aktørar innan feltet, og det tilbodet dei har. Veterankontakt er kommunen sitt kontaktpunkt for veteranar, andre samarbeidskommunar, aktørar innanfor feltet og for forsvaret.

Fredag 9. februar kl. 18.00 blir det arrangert veterantreff på Isehaug Kafeteria i Stryn, tema for kvelden er Veteranplanen og korleis markere 8. mai 2024 i Stryn kommune.

Veterankontakt i Stryn kommune er:
Siv Randi Berstad
Spesialkonsulent Næring Samfunnsutvikling
Mob. 92 69 63 76 
siv.berstad@stryn.kommune.no

 

Veteranplan Stryn kommune for perioden 2023 - 2027 (PDF, 2 MB)

Veteranplan sak 131/23 dato 23.11.2023 (PDF, 89 kB)