Vi treng å snakke meir saman #gi8minutt
Denne veka markerar vi Verdsdagen for psykisk helse, og årets tema er: Vi treng å snakke meir saman, gi 8 minutt. Tanken er at vi skal prate meir ilag, og at det er viktig å setje av nokre minutt for å høyre stemma til nokon.
Har du 8 minutt å gi?
Ein studie fra 2021 viste at korte, regelmessige telefonsamtaler på rundt 10 minutt hadde ein betydelig positiv effekt på einsemd angst og depresjon.
Å høyre stemma til ein du er glad i kan virke regulerande på vanskelege kjensler og gjere det lettare å kome gjennom belastande periodar. Vi har også lettare for å forstå og ha empati for dei vi høyrer stemma til.
Regelmessige samtaler gjer at vi får trening i å sette ord på korleis vi har det og det kan styrke relasjonen. Vi har nemleg lettare for å stole på og knytte oss til menneske som viser sårbarheit.
Ta opp telefonen og ring! Å høyre stemma til ein vi er glad i, gjer mykje meir for oss enn det vi trur.
Informasjon om psykisk helse i Stryn kommune
Sist endra 11.04.2025 12.28