Eit leseombod les høgt for den som ikkje kan lese sjølv. Men det å vere eit leseombod er også mykje meir. Du er ein historieforteljar og gledesspreiar, eit lyspunkt i kvardagen og den som tek med lyttaren ut i verda.
Blir du leseombod vil du delta i eit nettverk av leseombod og vil få oppfølging frå biblioteket i forhold til boktips og andre spørsmål.
Har du lyst å bli leseombod? Ta kontakt med bibliotekpersonalet på Stryn bibliotek tlf 57 87 48 80.
Sist endra 13.02.2025 10.53