Vil du ha feiing må du svare på varselet

 

 

Frå januar 2022 er det ikkje lenger nok å setje fram stigen når du får varsel om feiing, no må du også svare på meldinga.
– Det er same varselet som før, det nye er at du må svare, då er vi sikre på at du har fått og forstått varselet og at det er gjort klart for feiing, seier brannsjef i Stryn, John Jatgeir Vinsrygg.

Stryn kommune har lagt om systemet som omfattar feiing og bustadtilsyn. No ber vi om digital tilbakemelding på varselet. Då risikerer vi ikkje å feie der det ikkje er klart. Det kan liggje framme ein stige, men det er ikkje sikkert den var til oss. I verste fall kan vi sote ned eit hus som ikkje var klart til feiing, så dette er tryggare for begge partar.

Under ser du eit døme på melding frå feiaren, der du må svare om du ønskjer besøk eller ikkje (med talet 1 eller 2):

Døme på melding:
Feiarvesenet kjem på feiing hos deg. Tidspunktet må godkjennast for at besøket kan gjennomførast.
Svar på denne sms med kun talet 1 eller 2.
1- Tidspunktet høver. Vi har ei avtale!
2- Tidspunktet høver ikkje. Eigar tek kontakt (på tlf. nr. som står her) for ny avtale.

For meir informasjon sjå denne artikkelen

Dersom du ikkje kan kvittere tilbake frå mobiltelefonen din eller frå e-post, ring telefonnummeret som står i meldinga. Dei som ikkje har mobil vil få beskjed i posten eller som talemelding til fasttelefon. 

Eitt av måla med det nye systemet er å gjere arbeidskvardagen til feiarane enklare. Feiarane har med seg nettbrett med alle data ut til deg som kunde. Dei kan notere seg endringar, feil og manglar og andre notat direkte inn i programmet. Dette gjer at vi kjem nærare ein papirlaus kvardag.