Kommunestyret vedtok den 3. juli 1987 at ein lindekvist skulle vere motiv på kommunevåpenet til Stryn. Våpenet vart godkjent ved Kongeleg resolusjon den 11. desember 1987. Våpenet er teikna av Heidi Heggdal
Våpendefinisjon
Kommunevåpenet til Stryn er: På grøn grunn ein venstre skråstilt gull lindekvist med fire blad.
Fargereferanse
Windsor & Newton nr. 087 Kadmium Yellow pale (gull) og 054 Winsor Emerald (grønt).
Val av motiv
I kommunen er det ein spesiell og vidstrakt, varmekjær skogførekomst mellom Veslebygda og Flo, og lindemotivet er henta derifrå. Kvisten i motivet symboliserer inste delen av fjorden og blada symboliserer bygdelaga omkring.
Retningsliner for kommunevåpen og flagg (PDF, 144 kB)
Sist endra 28.02.2022 13.05