InnsynLytt til tekstenStopp avspillingHovudregelen er at alle saksdokument i offentleg verksemd er opne for innsyn. Etter Offentleglova §3 kan "alle" krevje innsyn i saksdokument. I utgangspunktet skal offentleg innsyn vere gratis. Kommunen er ikkje pliktig til å lage eigne samanstillingar eller utarbeide nye dokument. Innsynet gjeld dokument som allereie er laga. Offentleglova slår fast at opplysningar som er underlagte teieplikt i lov er unnateke frå innsyn. Utlevering av teiepliktige opplysningar til utanforstående kan vere straffbart. Ønskjer du innsyn i dokument kan du: Sende epost til postmottak@stryn.kommune.no Ringje tlf: 57 87 47 00 Møte opp på Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn Datatilsynet informerer om innsynsrett Sist endra08.12.2020 12.13