Personvernerklæring for Stryn kommune

Stryn  kommune har som mål at informasjonstryggleik og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  For å kunne utøve mynde og tilby deg gode tenester, må vi handsame opplysingar om deg elektronisk eller i eit register. Personvernerklæringa viser korleis vi handsamar personopplysingane dine, kva opplysingane blir

nytta til og kva for rettar du har.

Grunnprinsipp

Kommunen har som grunnprinsipp at personopplysingar skal handsamast

• lovleg, rettferdig, korrekt og med openheit.
• konfidensielt, verna mot utilsikta endring og tilgjengelege for føremålet.
• slik at opplysingar som er samla inn til bestemte føremål, ikkje seinare blir brukt på ein måte som er i strid med dette.
• slik at opplysingar som er samla inn til konkrete føremål berre blir nytta til det konkrete føremålet, og ikkje blir lagra lengre enn det som er naudsynt eller pålagt.
• slik at opplysingane er oppdaterte.

Meir informasjon finn du her: personopplysningsloven og  personvernforordningen artikkel 5

Føremål

Føremålet med handsaminga er å tilby deg offentlege tenester eller utføre lovpålagde oppgåver.

Kva er grunnlaget for at vi kan handsame personopplysingane dine?

For at vi skal kunne handsame opplysingar om deg må vi ha eit rettsleg grunnlag. Det kan til dømes vere at du har gitt oss samtykke til å handtere personopplysingane eller vi skal oppfylle ein avtale med deg. Det kan og vere naudsynt for at vi skal oppfylle ei rettsleg plikt eller utøve offentleg mynde. Dersom handsaminga er basert på samtykke, har du rett til å trekke samtykket tilbake kva tid som helst. I visse tilfelle kan du også protestere mot handsaminga. Nokre gonger er det og eit lovfesta eller avtalefesta krav at du må gje oss personopplysingane dine.

Personopplysningsloven og personvernforordningen artikkel 6 – 11 og 21 gir utfyllande informasjon.

Innsyn

Som hovudregel har du rett til innsyn i dei opplysingane vi handsamar som gjeld deg. Du har og krav på å få informasjon om sjølve handsaminga. For å få innsyn må du kontakte tenesta eller eininga som utfører handsaminga. Du kan be om å få kopi av opplysingane som er registrert.

Du kan lese meir om dette i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 15.

Rett til å få korrigert urette personopplysingar

Dersom våre opplysingar om deg ikkje er rette, har du og rett til å få korrigert desse. Det gjeld også dersom vi ikkje har fullstendige opplysingar om deg. For å få korrigert urette eller ufullstendige personopplysingar må du kontakte tenesta eller eininga som utfører handsaminga. Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 16 har nærare reglar for dette.

Rett til avgrensa handsaming

I einskilde tilfelle kan du og krevje at handsaminga av personopplysingane dine blir avgrensa. Dette kan til dømes skuldast at du meiner personopplysingane dine ikkje er rette og det vil ta tid å vurdere dette. Du kan då kontakte tenesta eller den aktuelle eininga.  Meir informasjon om dette finn du i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 18.

Overføring av personopplysingar

I nokre tilfelle kan du ha rett til såkalla dataportabilitet. Det vil seie at du kan krevje å få overført personopplysingane frå oss til nokon andre. Denne retten har fleire unnatak. Retten gjeld mellom anna ikkje dersom vi handsamar personopplysingane dine for å utføre ei oppgåve i ålmenta si interesse eller vi utøver offentleg mynde.

Reglar om dette finns i Personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 20.

Rett til å få sletta personopplysingar

Du kan ha rett til å få sletta opplysingar om deg sjølv. Denne retten har og unntak. Til dømes gjeld retten ikkje for opplysingar som er arkivpliktige eller er naudsynte for å kunne krevje eller forsvare rettskrav. Vi viser elles til personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 12 og 17 og arkivregelverket.

Kven deler vi personopplysingane dine med?

I einskildhøve blir personopplysingane dine formidla til andre. Det kan vere samarbeidsorgan (til dømes NAV og Husbanken) eller andre som vi har plikt til å gje informasjon. Det kan til dømes og vere driftsleverandørar eller andre som må utføre sine oppgåver og der igjennom har tilgang til dine opplysingar. Stryn kommune vil i slike tilfelle alltid sikre seg at utvekslinga er basert på lovleg grunnlag, at teieplikta vert halden og at naudsynte avtalar blir gjort gjeldande. Opplysingane kan i samband med dette òg bli overført til land utafor Europa.

Innebygd personvern og personvern som standardinnstilling

Vi vil sjå til at personopplysingane dine er godt teknisk sikra. Vi vil og ta omsyn til den risiko som handsaminga kan ha for deg. I tillegg vil vi gjere andre tiltak for å byggje under dei grunnprinsippa vi nemnde innleiingsvis. Dersom noko går gale, vil vi og ha beredskapsplanar for dette. Nemnde plikt går fram av personopplysningslova og personvernforordninga artikkel 24 og 25.

Informasjonskapslar

Våre nettsider nyttar informasjonskapslar (cookies) for å tilby deg tilpassa nettenester og gje deg ei god brukaroppleving. Ein informasjonskapsel er ei lita tekstfil som lagrast på maskina di.

Personvernombod

Stryn kommune har felles personvernombod med fleire kommunar. Ombodet skal bidra til at vi følgjer krava i regelverk og vere bindeledd mellom deg og kommunen dersom du treng hjelp knytt til personvernrettane dine.

Du kan kontakte personvernombodet på epost:berit.osa@kinn.kommune.no.

Klage til Datatilsynet

Du kan klage til Datatilsynet viss du ikkje er nøgd med korleis vi handsamar personopplysingane dine, eller du meiner handsaminga er i strid med personvernreglane. Informasjon om korleis du går fram finn du på nettsidene til Datatilsynet.

Kontaktopplysingar

Stryn kommune er ansvarleg for handsaminga og kan kontaktast via:

E-post: postmottak@stryn.kommune.no
Telefon: 57  87 47 00
Postadresse: Tonningsgata 4, 6783 Stryn

Saksdokument i kommunen er som hovudregel offentlege. Send difor ikkje e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønsker skal bli allment kjent.

Kommunen har etter arkivlova plikt til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå kommunen førast.

Dette er ei kortfatta personvernerklæring med hovudreglar. Dersom det er skilnad mellom den og personvernlovgjevinga eller anna regelverk, er det sistnemnde som gjeld