Reknskapsrapport 2.tertial 2022

Tertialrapporten pr. august tek omsyn til eventuelle periodiseringseffektar av budsjettendringane beslutta i september.

Driftsbudsjettet for 2022 vart i desember 2021 gjort opp og vedteke i balanse utan nemneverdig bruk av 
disposisjonsfond. I budsjettet er det lagt til grunn ein samla løns- og prisvekst på 2,7% i 2022. På 
inntektssida var det lagt til grunn ei forventning om grovt sett uendra nivå på frie inntekter 
(rammetilskot og skatteinntekter) frå 2021 til 2022 - basert på statsbudsjett, øvrige prognosar frå staten 
og KS. I tillegg er det i budsjettet forutsett ei effektivisering av drifta i kommunen, utover staten sitt 
generelle effektiviseringskrav, på MNOK 3,5. Dette var nødvendig for å klare å lande eit budsjett for 
2022 i balanse.
Kommunestyret vedtok budsjettendringar i driftsbudsjettet både på inntekts- og kostnadssida i 
september 2022. Store bevegelsar i dei samla frie inntektene i tillegg til vesentlege avvik på større 
kostnadspostar vart justert i balanse. Det er fortsatt vår vurdering at driftsrekneskapen for 2022 skal 
kome ut i balanse, men det er “små marginar” og det krev tett kostnadsoppfølging og -fokus resten av 
året også.

Tertialrapport 2.tertial 2022 digital versjon
 

2.Tertialrapport 2022_20.10.2022 (PDF, 816 kB)