Drift (forkorta versjon) Driftsrekneskapen per april viser eit meirforbruk på MNOK 2,2 mot periodisert budsjett. Det er brukt MNOK 226 mot MNOK 224. Meirforbruket er handterbart, og ein forventar å justere dette i komande månader.
Driftsbudsjettet for 2026 er stramt, med eit negativt netto driftsresultat på MNOK 0,7. Det gjer kommunen sårbar for uventa kostnader, og tett oppfølging av både kostnader og inntekter er avgjerande. Skatteinngangen ligg an til å bli høgare enn budsjettert, men løns- og prisvekst samt renta blir truleg høgare enn lagt til grunn. Skatteetaten ventar no 6 % skattevekst for kommunane i 2026, noko som vil styrke inntektssida for Stryn. Samstundes er pensjonskostnadene venta noko lågare enn budsjettert.
Meirforbruket per april skuldast både løn og andre driftskostnader, men høgare inntekter kompenserer. MNOK 2,3 av kostnadsoverskridinga er momskompensasjon som blir motsvart av inntekter. Nokre overskridingar er òg finansiert av øyremerka tilskot. Sektorane «Helse og sosial» og «Samfunnsutvikling» har overskridingar, medan «Oppvekst» og «Sentraladministrasjon» held rammene.
Sjukefråværet har auka med over eitt prosentpoeng frå i fjor, noko som gir betydelege kostnader. Det blir jobba aktivt med nærværsarbeid for å snu utviklinga.
Rentenivået vil påverke drifta vidare. Første tertial ligg på nivå med budsjett, men venta renteoppgang vil gi høgare kostnader enn budsjettert. Dette blir omtalt i budsjettjusteringa i juni.
Fordeling av økonomiske rammer mellom sektorane må framleis ta omsyn til demografi og knappe ressursar. Det vart gjort justeringar i fjor og vidareført i budsjettet for 2026.
Investeringar (forkorta versjon) Investeringsbudsjettet for 2026 er på nær MNOK 160. Kjøp av bygg til brannstasjon og tekniske tenester er gjennomført (MNOK 37), og fleire prosjekt er i gang. Framdrifta per første tertial viser at det blir krevjande å gjennomføre alt etter plan. Det blir vist til tertialrapporten for status og vurderingar for kvart prosjekt.
Reknskapsrapport 1.tertial 2026