AlkoholLytt til tekstenStopp avspilling Sal og skjenking av alkohol kan berre skje på grunnlag av tildelt løyve. Det same gjeld engrossal og tilvirking. Ordinære sals- og skjenkeløyve vert tildelt av kommunen for inntil fire år av gongen og følgjer kommunestyreperioden. For kvar periode gjer kommunestyret vedtak om Rusmiddelpolitisk handlingsplan for komande 4-årsperiode. Her inngår retningsliner for kommunen si løyvetildeling, for sals- og skjenketider, for kontrollen med at regelverket i alkohollova vert etterlevd m. m. Det er helse- og sosialadministrasjonen som har ansvar for sakshandsaming av løyvesakene. Det vert innhenta uttale frå politi, skatte-og avgiftsmynde m. m. Søknader om ambulerande løyve har søknadsfrist 14 dagar før. Søknader om løyve ved einskilt høve har søknadsfrist 1 månad før. Verksemda er pliktig å melde frå om bygningsmessige endringar av skjenkearealet, om endringar av driftskonsept og om endringar i eigarsamansetnad. Ved større endringar må du søkje på nytt og få nytt skjenkeløyve. Ved skifte av styrar og avløysar må du ha ny godkjenning frå kommunen. For å få ordinært skjenkeløyve er eit krav at det er tildelt serveringsløyve og at styrar og avløysar har dokumentert godkjent kunnskapsprøve i alkohollova. Stryn kommune - Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020 - 2024 (PDF, 722 kB) Retningslinjer for sal og skjenking av alkohol 2020 - 2024 (PDF, 857 kB) Søknadsskjema Alkohollova med kommentarar Alkoholforskrifta med kommentarar Sist endra 20.06.2023 13.40
Skjenkeløyve for einskilt høve, ope arrangement Det kan gjevast løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 ved einskilt høve til arrangement i t.d. grendahus og idrettshallar.