Skjenkeløyve for einskilt høve, ope arrangement

Det kan gjevast løyve til skjenking av alkoholhaldig drikk gruppe 1 og 2 ved einskilt høve til arrangement i t.d. grendahus og idrettshallar.

Einskilt høve gjeld t.d. søknad frå lag og organisasjonar ved arrangement i ungdomshus/ grendahus og idrettshallar for alkoholgruppe 1 og 2.

Søknad om løyve må ligge føre seinast 1 mnd på førehand for å vere sikra handsaming i tide. Politiet skal uttale seg til søknaden.

Retningsliner for tildeling av løyve for einskilt høve:

  • Bygdefester i t. d. grende- og ungdomshus.
  • Dans/ revyar i idrettshallar/ stortelt m. m., evt. i tilknyting til serveringsverksemder
  • Tilstellingar i privat eller offentleg regi i kombinerte anlegg for skule og andre formål, ved sosiale og kulturelle føremål utanom skuletid.
  • Personar/ verksemder som ikkje har tilknyting til kommunen eller arrangementet får ikkje tildelt skjenkeløyve ved einskilt høve.
     

Skjenkeavgift for skjenkeløyve ved einskilt høve har ei todeling:

  • Avgift for skjenkeløyve ved einskilt høve til større arrangement vil følgje statlege satsar, frå 01.01.20 kr 5.300,-. Med større arrangement er meint festivalar, dansegalla m.m. Det kan vere arrangement som går over fleire dagar som har stort kundegrunnlag og lang skjenkeperiode.
     
  • Avgift kr. 1000.- vert ilagt ved mindre arrangement. Dette vil vere arrangement for ein dag/ kveld, utviding av eksisterande skjenkeareal eller utviding av eksisterande løyve til sterkare alkoholgruppe.
     

Søknad om skjenkeløyve ope arrangement/ ambulerande skjenkeløyve