Alkohol


Sal og skjenking av alkohol kan berre skje på grunnlag av tildelt løyve. Det same gjeld engrossal og tilvirking.

Ordinære sals- og skjenkeløyve vert tildelt av kommunen for inntil fire år av gongen og følgjer kommunestyreperioden. For kvar periode gjer kommunestyret vedtak om Rusmiddelpolitisk handlingsplan for komande 4-årsperiode. Her inngår retningsliner for kommunen si løyvetildeling, for sals- og skjenketider, for kontrollen med at regelverket i alkohollova vert etterlevd m. m.

Det er helse- og sosialadministrasjonen som har ansvar for sakshandsaming av løyvesakene.
Det vert innhenta uttale frå politi, skatte-og avgiftsmynde m. m.

Søknader om ambulerande løyve har søknadsfrist 14 dagar før.
Søknader om løyve ved einskilt høve har søknadsfrist 1 månad før.

Verksemda er pliktig å melde frå om bygningsmessige endringar av skjenkearealet, om endringar av driftskonsept og om endringar i eigarsamansetnad. Ved større endringar må du søkje på nytt og få nytt skjenkeløyve. Ved skifte av styrar og avløysar må du ha ny godkjenning frå kommunen.

For å få ordinært skjenkeløyve er eit krav at det er tildelt serveringsløyve og at styrar og avløysar har dokumentert godkjent kunnskapsprøve i alkohollova.


Stryn kommune - Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2020 - 2024 (PDF, 722 kB)

Retningslinjer for sal og skjenking av alkohol 2020 - 2024 (PDF, 857 kB)

Søknadsskjema

Alkohollova med kommentarar

Alkoholforskrifta med kommentarar

 

Artikkelliste