Ambulerande løyve

Ambulerande løyve til slutta lag.

Retningslinjer:

a) Stryn kommune har ambulerande løyve for tildeling ved skjenking til slutta lag. Ambulerande løyve til slutta lag kan gjelde skjenking av alkoholhaldig drikk både i gruppe 1, 2 og 3.

c) Når skjenking til slutta lag skal skje på stader med serveringsløyve, er det eit krav at både innehavar av serveringsløyvet og initiativtakar til det slutta laget skriv under på søknaden om ambulerande løyve. Ved elektronisk søknad er namn på begge partar tilstrekkeleg.

d) Det må dokumenterast at arrangementet fyller krava til slutta lag. Tolkinga av kva som er slutta lag vert vurdert strengt. Slikt løyve vert først og fremst gjeve til selskapslokale. Søkjar må dokumentere at arrangementet gjeld ei på førehand etablert gruppe personar. Gruppa må ha tilknyting til den som inviterer til selskapet og til kvarandre.

e) Søkjarfristen for ambulerande løyve er seinast 14 dagar før arrangementet finn stad. Namneliste over deltakarane skal leverast kommunen seinast 1 veke før avvikling av arrangementet.

f) Det er ikkje trong for å søkje ambulerande løyve til reint private selskap i leigde lokale når utleiger ikkje har serveringsløyve, t d grendahus. Private selskap er avgrensa til å gjelde bryllaup, årmålsdagar, slektstreff og andre jubileum for privatpersonar. Det er ein føresetnad at skjenkinga i slike høve skjer vederlagsfritt.

g) Skjenketida for ambulerande løyve fylgjer dei ordinære reglane, jf. Kap. 4

h) Det er i utgangspunktet ikkje høve til å servere alkohol i privat eller offentleg regi på grunnskular eller i kombinerte anlegg for skule og andre formål. I kombinerte anlegg kan det i særskilte høve gjerast unnatak når desse anlegga vert nytta til sosiale og kulturelle formål utanom skuletid. (Jf opplæringslova § 9-5.)

Her finn du satsane for ambulerande løyve til slutta lag:

Gebyr for ambulerande løyve

 

Søknad om skjenkeløyve ope arrangement/ ambulerande skjenkeløyve