Ønskjer de å gifte dykk borgarleg i Stryn?
Frå 1. januar 2018 vart vigselsmynda overført frå tingretten til kommunane. Stryn kommune arrangerer vigslane i Tingsalen, Stryn kulturhus, Tinggata 18.
Desse kan foreta vigslar i Stryn kommune:
-
Ordførar - Per Kjøllesdal
-
Varaordførar - Torstein Tvinnereim
-
Kommunedirektør - Jon Nesje
-
Kontorsjef - Randi Rørvik Lillestøl
-
Kommunalsjef helse og sosial - Heidi Vederhus
-
Leiar service, kommunikasjon og IKT - Anna Bringsvor Egedahl
-
Kommunestyrerepresentant - Haldor A. Lungård Hove
Før de gifter dykk
Før de kan gifte dykk må de ha ein prøvingsattest. Kontakt skatteetaten for å få slik attest. Den raskaste måten er å søkje om prøvingsattest elektronisk dersom begge har norsk personnummer. Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader.
Vi ber om at de sender oss prøvingsattesten så snart som mogleg før vigselen.
Dersom de leverer prøvingsattest på papir, sender de den til:
Stryn kommune
Servicekontoret
Tonningsgata 4
6783 STRYN
Stad og tidspunkt for vigsel
Seremonidag er fredag mellom 12.00 og 15.00 i Tingsalen, Stryn kulturhus, men Stryn kommune er fleksible på dagar, tidspunkt og stad for vigslar.
Bestille vigsel
Søknadskjema for borgarleg vigsel
Pris
Det er gratis for alle å gifte seg innanfor ordinær opningstid og fastsett seremonistad. For vigslar utanom det ordinære tilbodet, vil det vere eit gebyr på kr 2 500,-.
Spørsmål
Har du spørsmål om vigsel, ta kontakt på epost: postmottak@stryn.kommune.no
eller telefon: 57 87 47 00.
Har du spørsmål om dokumentasjon eller regelverk, ta kontakt med Skatteetaten
Retningslinje for borgarleg vigsel i Stryn kommune (PDF, 485 kB)