Nordsida barnehage er samlokalisert med Nordsida skule og ligg på Blaksæter med flott utsikt over Nordfjorden.
Barnehagen har rundt 20-25 barn fordelt på to avdelingar.
Barnehagen har eit stort og godt tilrettelagt uteområde med gode aktivitetsmogelegheiter for barna. I tillegg brukar barnehagen ofte område i nærmiljøet.
Barnehagen og skulen er aktive innanfor entreprenørskap og knyter mykje av den pedagogiske verksemda opp til lokale ressursar både i historie og notid.
Sist endra12.04.2022 12.57