SFO

SFO (skulefritidsordning) er eit frivillig aktivitets- og omsorgstilbod utanom den obligatoriske skuletida for elevar på 1. - 7. trinn. I Stryn kommune er SFO eit tilbod for elevar 1. - 7. trinn.

Organisering og innhald av tilbodet varierer noko frå skule til skule, ut frå kor mange barn som er med på ordninga, og kva som er muleg på skulen og i nærområdet.

 

Søknad om redusert foreldrebetaling i SFO

Kommunen skal etter søknad gje reduksjon i foreldrebetaling for SFO på 1. og 2.årstrinn slik at den per elev utgjer maksimalt seks prosent av inntektene til hushaldet dersom:

a) foreldrebetaling for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til hushaldet det siste året, eller

b) der det er ein varig nedgang i inntektene til hushaldet innverande år som gjer at foreldrebetalinga for eitt skuleår utgjer meir enn seks prosent av inntektene til huhsaldet.

For søknader før 1.august gjeld kommunen sitt vedtak frå 1.august og ut skuleåret. Blir det søkt etter 1.august gjeld vedtaket frå første heile månad etter søknadstidspunktet og ut skuleåret.

Betaling for kost kan kome i tillegg.

 

Søknad om SFO-plass og endring av eksisterande plass i barnehage må ein gjere via pålogging til Føresettportalen på og velje Logg inn OAS oppe i høgre hjørne, vel Stryn kommune og logg inn med ID-porten.

 

Her er hjelpeartiklar for foreldre (SFO)

 

Pris for SFO

 

Vedtekter for skulefritidsordninga i Stryn kommune gjeldande frå 1. januar 2023 (PDF, 58 kB)

Vi oppmodar alle om å lese gjennom vedtektene for SFO for å gjere seg kjende med det formelle kring SFO-ordninga. Er det spørsmål om tilboda/ søknad, ta kontakt med den skulen de ønskjer plass på. 

 

Søknadsfrist: 1. mars

 

Oppseiing av plass skal gjerast skriftleg og direkte til rektor/ dagleg leiar.