Kommunikasjon mellom heim, barnehage og skule

Stryn kommune har no teke i bruk Vigilo OAS som nytt administrativt datasystem for skular og kommunale barnehagar. Systemet skal først og fremst løyse ei lang rekkje administrative oppgåver for barnehage og skule - alt i frå søknad om barnehageplass til vitnemålsutskrift etter 10. trinn.

Innbakt i Vigilo OAS finst ei løysing for digital tovegskommunikasjon mellom foreldre og barnehage/skule, der ein kan nytte mobiltelefon, nettbrett eller datamaskin. Kvar skule og barnehage vil informere foreldra om korleis dei ønskjer å nytte denne nye kommunikasjonsløysinga.

Kva får du informasjon om?

I Vigilo får du som føresett tilgang til ein egen føresettportal. Der kan du kommunisere med tilsette i den enkelte barnehage eller skule, søkje om barnehage- eller SFO-plass med meir.

 

 

 

 

 

 

Ein får sjølvsagt berre tilgang til opplysingar om eige barn i føresettportalen.

Kven får tilgang?

Berre føresette med foreldreansvar får tilgang til portalen. Kommunen hentar personopplysningar i frå folkeregisteret og kontakt- og reservasjonsregisteret. Er opplysningane feil, må du kontakte dei nemnde registera for å rette feila. Hovudregelen er at føresette med foreldreansvar har krav på same informasjon frå barnehagen eller skulen om sitt barn. Dersom den eine av dei føresette har foreldreansvar åleine, har den andre føresette likevel rett på informasjon. I slike tilfelle får du informasjon etter konkret førespurnad, jf. barnelova § 47, og ikkje som løpande oppdateringar.

Biologisk forelder utan foreldreansvar har rett til informasjon om barnet sin skulegang, men berre når ein spør/tek kontakt med skulen direkte. I utgangspunktet har ein ikkje her rett til å delta på foreldremøte eller utviklingssamtale utan at den som har foreldreretten godkjenner det. Dei same reglane gjeld for barn i barnehagen.

Dersom ein får avslag på spørsmål om informasjon, kan ein sende skriftleg klage til Fylkesmannen i Vestland. Klagen bør sendast via skulen eller barnehagen.

 

Tilgang for andre nære omsorgspersoner

Ein del barn har vaksne rundt seg som ikkje har foreldreansvar etter lova sin bokstav, men som likevel er viktige omsorgspersonar og bidragsytarar i barnet si oppseding. Derfor kan det vere ønskjeleg at dei skal få tilgang til relevant informasjon i føresettportalen.

Dersom du som føresett ønskjer at nære omsorgspersonar skal ha tilgang til føresettportalen, sender du spørsmål til skulen eller barnehagen med eit slikt ønskje. Stryn kommune innhentar då godkjenning frå begge føresette, dersom det er to, før det blir gitt tilgang til teiepliktig informasjon om barnet. Den enkelte barnehage eller skule informerer om rutinar for å hente inn slik godkjenning.

 

Tilgang for personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar

Personar som ikkje er definert som barnet sine nære omsorgspersonar kan ha behov for å vite om det skjer noko særskilt akkurat dei dagane når dei har omsorg for barnet. Døme på dette er når besteforeldre eller ein nabo skal passe barnet. Ta direkte kontakt med barnehagen eller skulen per telefon.

 

Barnet sin medråderett om kven som skal ha tilgang og innsyn

Barnet eller eleven sin rett til personvern og sjølvråderett aukar med alderen. Fram til dei er fylt 18 år vert elevene sin rett til sjølv å avgjere kva føresette (og andre) skal få vite om skulerelaterte forhold styrka. Ditt barn sin alder påverkar derfor kva du som føresett skal få innsyn i.

Rettar for barn basert på alder:

  • 7 år: Barnelova har gitt sjølvråderett til 7-åringar i saker av personleg karakter.

  • 15 år: Elevar over 15 år skal gje samtykke i mange saker som gjeld dei sjølve, men føresette har framleis rett til informasjon om barnet fordi dei har plikt til å ta vare på barnet.

Kva kan du skrive i meldingstenesta?

Føresette må vere merksame på kva for type sensitiv informasjon dei sender gjennom føresettportalen i Vigilo, anten som del av ei melding eller som vedlegg. Eksempel på sensitiv informasjon som ikkje skal sendast i meldingssystemet, er opplysingar om alvorleg eller kronisk sjukdom eller vanskelege forhold på skulen som involverer andre namngjevne elevar og tilsette.

Alvorlege forhold på skulen som sterk mistrivsel, krenking og mobbing, medelevar sitt namn, individuelle opplæringsplanar og enkeltvedtak skal meldast til styrar/rektor. 

I meldingssystemet kan du melde inn forbigåande helseopplysningar som til dømes «Line blir heime frå skulen grunna omgangssjuke», «Per skada foten på trening i går kveld» og «Svein synes det er vanskeleg på skulen for tida».

Ver merksam på at andre tilsette på skulen enn barnet sin kontaktlærar også kan lese meldingane som kjem inn. Du må aktivt velje den andre føresette som mottakar for at denne skal sjå meldinga.

Meldingssystemet er ikkje meint som erstatning for det fysiske møtet mellom føresette og skulen. Det er framleis høve til å ringe eller på anna måte ta kontakt med den enkelte skule eller barnehage.

Ytterligare informasjon om personvern i samband med bruk av Vigilo kan du lese om i eige avsnitt under om personvern.

Heim og barnehage

Kommunikasjonsløysninga er til for dialog mellom kommunale barnehagar og føresette til barn i barnehagen. Private barnehagar har andre løysingar for kommunikasjon. Vi rår deg til å kontakte barnehagen din for meir informasjon.

 

Kva inneber bruk av Vigilo i barnehagar?

Vigilo sin føresettportal gir høve til digital kommunikasjon mellom føresette og tilsette og har følgjande tilgjengelege funksjonar:

Siste nytt

Siste nytt: 

Her viser publiserte innlegg, bilde og anna informasjon frå barnehagen din.

Meldingar:

Du kan både sende og gje nødvendig informasjon om barnet ditt til barnehage via meldingstenesta. I meldingar som du sender til barnehagen kan du legge ved eventuelle vedlegg. Meldingar du sender til barnehagen har alle dei tilsette innsyn i. Unngå derfor å sende sensitiv informasjon. Eksempel på sensitiv informasjon er opplysingar om helse, problematiske tilhøve i barnehagen, andre barn sitt namn, individuelle tilpassingar og enkeltvedtak. 

Melde fråvær: 

Du kan sende fråværsmeldingar til barnehagen når barnet ditt har fri eller er sjuk, slik at dei tilsette får rask informasjon om dette. Det vil samtidig og automatisk bli registrert fråvær på barnet i barnehagen si oversikt.

Samtykke:

Barnehagen kan innhente ulike samtykke her, td. til fotografering eller publisering av bilete o.l.

Oversikt:

Her får du oversikt over rutinar du eventuelt har avtalt i høve ditt barn.

Søknader:

Viser oversikt over dine søknader om barnehageplass.

Barnehageplassar:

Viser oversikt over gjeldande barnehageplass(ar). Har kan du i tillegg søkje om å endre plasstorleik eller seie opp plassen.

Helse:

Her kan du registrere og oppdatere eventuelle allergiar som barnet har.  

Sjå denne hjelpeartikkelen for å få meir informasjon om kvar enkelt av funksjonane.

Heim, skule og SFO

Føresettportalen i Vigilo skal sørge for enkel kommunikasjon mellom heim, skule og SFO.

Alle skulane i Stryn kommune har teke i bruk Vigilo OAS, men den enkelte skule vil informere dei føresette om korleis dei tenkjer å nytte kommunikasjonsløysinga med meldingar og liknande via føresettportal og app.

 For deg som har barn i skule og SFO vil følgjande informasjon og funksjonar vere tilgjengelege:

Siste nytt 2

Siste nytt: 

Her viser publiserte innlegg, bilde og anna informasjon i frå skulen din.

Meldingar:

Du kan både sende og gje nødvendig informasjon om barnet ditt til skulen via meldingstenesta. I meldingar som du sender til skulen kan du legge ved eventuelle vedlegg. Meldingar du sender til skulen har alle dei tilsette innsyn i. Unngå derfor å sende sensitiv informasjon. Eksempel på sensitiv informasjon er opplysingar om helse, problematiske tilhøve i skulen, andre barn sitt namn, individuelle tilpassingar og enkeltvedtak. 

Melde fråvær:

Du kan sende fråværsmeldingar til skulen ved sjukdom eller anna fråvær, slik at dei tilsette får rask informasjon om dette. Det vil samtidig og automatisk bli registrert fråvær på barnet i skulen si oversikt. Søknad om fri i frå skulen mellom 4 og 14 dagar skal framleis skje via eige skjema. Kontakt rektor eller last ned skjema ifrå Itslearning. 

Samtykke:

Skulen innhentar ulike samtykke her, td. til fotografering eller publisering av bilete o.l.

Søknader:

Viser oversikt over dine søknader om SFO-plass.

 Sjå denne hjelpeartikkelen for å få meir informasjon om kvar enkelt av funksjonane.

 

Vigilo erstattar ikkje Itslearning, som er eleven sitt system for kontakt med skulen og lærarane sine. Itslearning skal framleis nyttast til innleveringar og vurderingar knytt til den enkelte elev. Denne løysinga blir også brukt til kommunikasjon mellom elev og lærar.

Føresette får ikkje tilgang til vurderingar av eleven sine enkeltinnleveringar og arbeid undervegs i skuleåret gjennom Vigilo.

Om personopplysningar

Stryn kommune har som mål at informasjonssikkerheit og personvern skal vere ein naturleg del av verksemda vår.  Les meir om korleis kommunen handterer personopplysingar

 

Personvern i Vigilo

Stryn kommune hentar personopplysingar frå sentrale register som til dømes Folkeregisteret og Kontakt- og reservasjonsregisteret. Det vil inkludere opplysingar om namnet ditt, e-postadresse, kontaktinformasjon, språk, familieforhold og dine bruksdata. Opplysingar om barn og føresette blir lagra så lenge barnet er innskrive i barnehagen eller skulen, og deretter i inntil eitt år.

Personopplysingar om barn er særlig beskytta. Føresette godkjenner på vegne av barnet, og barnet kan samtykke sjølv frå den dagen dei fyller 15 år.

Les meir generelt om personopplysingar hos Datatilsynet.

 

Brukarrettleiing og informasjon om pålogging finn du på Vigilo sine nettsider

 

Føresettportal

Logg på via nettlesar (anbefaler Chrome):

  1. Gå inn på http://vigilo.no  
  2. Vel “Logg inn OAS”
  3. Vel Stryn kommune
  4. Logg inn med ID-porten

 

Vigilo App

Du kan laste ned Vigilo app via Apple Store (IOS) eller Google Play (Android).
Ver obs på at det finst fleire appar som heiter Vigilo (eldre versjonar).
Sjå derfor etter versjon med slik logo