Stryn arbeidssenter

Stryn  arbeidssenter er eit tilrettelagt arbeids- og aktiviseringstilbod for personar med ulik grad av psykisk utviklingshemming. Det er eit dagtilbod der arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene blir tilpassa den enkelte brukar.

Eit overordna mål er at brukarane skal oppleve meistringskjensle, og utvikle seg igjennom aktivitetar og arbeidsoppgåver dei utfører på arbeidssenteret. 

 

Stryn arbeidssenter har faste arbeidsoppdrag, i tillegg legg vi til rette for fysisk, kulturell og kreativ aktivitet. Vår største kunde er Hagen AS. Vi er eit ledd i trappeproduksjonen deira, og har ansvar for skruesortering. Vi leverer også internpost i kommunen, mat til omsorgssenteret og kommunehuset. Vi har også vaskeriteneste, og i tillegg har vi eit eige butikklokale i kjellaren der vi sel eigenproduserte handarbeidsprodukt. 

 


Søknadsskjema (digitalt)


Søknadsskjema (PDF, 295 kB)

(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)


Leiar for dagtilbodet kontaktar og kartlegg funksjonsnivået til brukarane som er aktuelle for teneste.

Kontakt

Stryn arbeidssenter
Telefon 482 42 612

Besøksadresse:
Grandevegen 7,
6783 Stryn