Kvardagsrehabilitering

Når du ikkje lenger meistrar  kvardagen din slik du gjorde før, kan kvardagsrehabilitering vere noko for deg. Kvardagsrehabilitering er ei tidsavgrensa teneste, der du trenar på daglege gjeremål for at du skal klare din eigen kvardag best mogleg. Treninga skjer i eigen heim eller nærmiljø. 

Tenesta er for deg som har hatt eit nylig fall i funksjon, som gjer at du ikkje klarer kvardagen som tidlegare. Målet er at du skal klare daglege gjeremål og aktivitetar som er viktige for deg.

Målgruppa for tenesta er personar som bur heime, men som ikkje lenger har same funksjon som før, samt har vanskar med å meistre daglege gjeremål som til dømes personleg stell, matlaging eller andre aktivitetar.

I kvardagsrehabilitering samarbeidar tilsette frå heimesjukepleien, heimehjelper, fysioterapeut og ergoterapeut. Vi gjer ei tverrfagleg kartlegging og vil saman med deg jobbe for at du skal kunne nå måla dine.

Tilbodet varar inntil seks veker og er gratis. Tildeling av teneste skjer etter søknad og vurdering i tildelingsnemnda.
 

Søknadsskjema (digitalt)

Søknadsskjema (PDF, 295 kB)
(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgata 4, 6783 Stryn)
 

Kontakt:
Heimesjukepleie Vikane 480 50 247
Heimesjukepleie Stryn 917 47 598
Fysio/ergoterapiavdeling 948 18 065

 

Kva er kvardagsrehablitering (PDF, 217 kB)