Hjelp for barn og unge

Visste du at ein av ti barn og unge har blitt utsett for vald eller seksuelle overgrep? På nettsida Jeg vil vite kan du lære om kva vald og seksuelle overgrep er og kva du bør gjere dersom du, eller nokon du kjenner, er utsett for vald eller seksuelle overgrep.

Det er viktig å seie frå til ein vaksen!

Mange barn trur at dei vaksne veit alt som skjer med barna. Men det er ikkje alltid at dei vaksne skjønnar når barn har det vondt. Difor er det viktig å seie i frå til en vaksen om du opplever noko vondt. Du kan snakke med helsesjukepleiar på skulen din, læraren din, rådgjevaren på skulen eller ein annan vaksen du er trygg på.

Hos Barnevernet eller på Helsestasjonen i Stryn møter du vaksne som høyrer på deg og som ynskjer å hjelpe deg.

Du kan også ringe anonymt til Alarmtelefonen for barn og unge på tlf. 116 111. Telefonen er open heile døgnet og gratis.

Er du redd eller i fare?

Ring Politiet - på telefon 02800 eller på nødtelefon 112

Ring Barnevernet på telefon 57 87 47 00 på kontortid eller 47 47 14 57 utenom kontortid


Har du ein vond hemmelegheit?

Denne filmen viser deg skilnaden på ei god hemmelegheit og ei vond hemmelegheit. Vonde hemmelegheiter bør du ikkje halde hemmeleg!