Behandling av korona med tablettar

Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona, kan det vere aktuelt at du får behandling med tablettar. Tablettane, som heiter Paxlovid, reduserer risikoen for å bli alvorleg sjukDet er viktig at behandlinga med tablettar startar tidleg. Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk og får luftvegssymptom, bør du teste deg for korona.

Kven vil ha nytte av tablettar?

Det er særleg tre grupper som vil ha nytte av behandling med Paxlovid-tablettar:

  • Dei som har alvorleg immunsvikt
  • Dei som er over 65 år, ikkje har fått vaksine dei siste seks månadene og har ein alvorleg sjukdom.
  • Alle som er over 80 år
     

Kva skal du gjere om du får luftvegssymptom?

Luftvegssymptom er først og fremst tett nase, hoste og sår hals. Ofte har du og feber eller vondt i hovudet. Dersom du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona og får luftvegssymptom, bør du ta ein sjølvtest kvar dag - i inntil fire dagar.

Dersom sjølvtesten viser at du har korona, bør du kontakte fastlegen din eller legevakt.

Dersom testen ikkje viser at du har korona, kan du vente med å kontakte fastlegen.

Har du alvorleg risiko og symptoma blir verre, bør du kontakte lege, sjølv om sjølvtesten ikkje viser at du har korona.

Kven har høg risiko for å bli alvorleg sjuk?

Du har høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona om:

  • Du har alvorleg immunsvikt. Til dømes fordi du har beinmargskreft eller lymfekreft og får medisinar som slår ut immunforsvaret
  • Du er over 65 år, har ikkje fått vaksne dei siste seks månadene, og har ein alvorleg kronisk sjukdom
  • Du er over 80 år
  • Du er over 50 år og har aldri har teke koronavaksine

Meir informasjon om kven som har høg risiko og kva du skal gjere om du blir sjuk finn du på helsenorge.no

Behandling med tablettar erstattar ikkje vaksine. Det beste du kan gjere for å ikkje bli alvorleg sjuk av korona er å ta koronavaksine.

 

Korleis få tak i gratis sjølvtestar?

Stryn kommune deler ut gratis sjølvtestar til dei med høg risiko for å bli alvorleg sjuk av korona.

Ta kontakt med legekontoret i Stryn eller i Vikane for utdeling.