Koronasituasjonen i starten av juni 2023

Koronaviruset er ikkje eit nemneverdig problem ved inngangen til sommaren 2023, seier kommuneoverlege i Stryn, Marius Solbakken.

Korona har ikkje vore ei stor belastning for helsetenesta denne våren og vi har no ein vesentleg grad av immunitet i den norske befolkninga, seier kommuneoverlegen,

Dei fleste har vore borti korona minst ein gong, kanskje også fleire gongar utan å vite det.  Viruset er difor mindre farleg no, sjølv om viruset framleis kan vere farleg for folk med nedsett immunforsvar, seier Solbakken.