Kreftomsorg

Stryn kommune kan tilby deg som har kreft, eller deg som er pårørande, kontakt med sjukepleiar som har ekstra kompetanse innan lindrande behandling og omsorg. Desse sjukepleiarane vert kalla ressurssjukepleiarar.

  • Ressurssjukepleiaren er ein fagperson som kan gje hjelp etter kva behov du har.
     
  • Ressurssjukepleiaren kan vere ein støttespelar som hjelper deg til å få ein best muleg kvardag, og vere eit bindeledd i tverrfagleg samarbeid med til dømes lege og sjukehus.
     
  • Ressurssjukepleiaren tilbyr samtaler for å sortere tankar, svare på spørsmål og gje rettleiing rundt behandling, rehabilitering og omsorg ved livets slutt.
     
  • Tilbodet er gratis, og du kan ta direkte kontakt.


Stryn helsestasjon Mari Kristine Melheim tlf. 57 87 69 99.

Stryn omsorgsenter/ heimesjukepleien Olaug S. Mork tlf. 917 21 614.

Vikane omsorgsenter/ heimesjukepleien Siv Hege Eide tlf. 476 91 276 / 917 21 619.

Stryn legekontor Grethe Hilde tlf. 57 87 69 90/ 903 64 754.

 

Handlingsplan 2022 (PDF, 467 kB)