Psykisk helsearbeidarteneste

Psykisk helsearbeidarteneste er eit hjelpetilbod til menneske som av ulike årsaker har det vanskeleg. Det kan vere akutte kriser, vanskeleg livssituasjon, langvarige psykiske lidingar eller andre udefinerte grunnar som gjer at ein treng psykisk helsearbeidarteneste.

Ein kan ta direkte kontakt med avdelingsleiar for avklarings/vurderingssamtale. Eller ein kan bli tilvist frå fastlege, jordmor, bedriftshelsetenesta, helsesøster og liknande.

Tenesta er gratis.

Søknadsskjema (digitalt)


Søknadsskjema

(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)