Svangerskapsomsorg

Stryn helsestasjon har tilbod om svangerskapsomsorg til alle kvinner som er busett eller oppheld seg i Stryn kommune.

Jordmor er tilsett ved Stryn helsestasjon. Ho har kontordagar ved helsestasjonen i Stryn kvar veke og i Innvik ein gong i månaden, samt vaktberedskap med følgjeteneste til sjukehus.


Målsetting for svangerskapsomsorga:

Svangerskapsomsorga har som mål å gje familien eit best mogleg grunnlag for å meistre, og glede seg over svangerskapet og fødselen. Alle gravide i Stryn kommune skal få forsvarleg medisinsk og psykososial oppfølging, slik at ein unngår komplikasjonar i svangerskapet og i barseltida. Kvinna skal få tilbod om regelmessige kontrollundersøkingar i svangerskapet for å avdekke eventuelle avvik og komplikasjonar.


Helsestasjonens jordmorteneste tilbyr:

- Samtale, råd og rettleiing om tema innan helse, livsstil og graviditet
- Regelmessige svangerskapskontrollar hjå jordmor eller lege (7 - 9 kontrollar)
- Henvisning til rutineultralyd i svangerskapsveke 17 - 20 og elles ved behov
- Tilbod om fødselsforberedande gruppe/individuell samtale om fødsel på helsestasjonen
- Følgjeteneste til sjukehus
- Tilbod om heimebesøk etter fødselen av jordmor eller helsesøster
- Etter fødsel samtale (Post partum) med prevensjonsrettleiing hjå jordmor
- Samtale om svangerskapsavbrot

Jordmor er også en del av tilbodet i helsestasjon for ungdom (HFU)

 

God start, barselopphald for mor og barn ved Nordfjord sjukehus