Rusomsorg - korleis få hjelp i Stryn kommune
Har du utfordringar relatert til bruk av alkohol eller andre rusmiddel kan du få hjelp av helsetenesta og/ eller ruskonsulent.
Kven kan få tilbodet?
Kva ein tenkjer er problematisk bruk i høve rus, er veldig individuelt. Dersom du kjenner at forbruket ditt av alkohol eller andre rusmiddel er på veg til å bli, eller er eit problem, bør du søke hjelp. Erfaring kring utfordringar med rus har vist at tidleg hjelp er viktig. Erkjenning og motivasjon til å gjere noko med problema vil vere avgjerande for å få det livet du ønskjer.
Foreldre, ektefelle og andre pårørande kan få generelle råd og rettleiing ved å ta kontakt med helsetenesta eller NAV-kontoret.
Kva kan du få tilbod om?
• Støttesamtaler og motivasjonsarbeid.
• Utarbeiding av Individuell plan
• Hjelp til å søke bustad
• Økonomisk rådgjeving
• Hjelp til å etablere behandling, i eller utanfor institusjon
• Vidareformidling av støttegrupper
• Individuelt tilrettelagt samarbeid mellom ulike tilbod i kommunen. Eksempel:
Lege, helsesøster, skule/ arbeidsgjevar, Frisklivssentralen, psykisk helsearbeidar, heimetenestene i psykiatri, heimesjukepleien
Behandling i institusjon?
Både lege og ruskonsulent kan søkje helseføretaket om behandling i rusinstitusjon.
Korleis få tilbodet?
Du kan sjølv ta kontakt med legen, arbeidsgjevaren eller ruskonsulent om utfordringar i høve til rus.
Sist endra 10.05.2022 14.59