Heildøgnsbemanna omsorgsbustad

Bufellesskap med heildøgns omsorg vert tildelt søkjarar som

  • har eit særskilt stort omsorgsbehov

  • har prøvd ut hjelpetiltak i heimen, og det er funne utilstrekkeleg til at brukar kan klare seg i eigen heim

Det er 2 bufellesskap med heildøgns omsorg ved Stryn Omsorgssenter, organisert i 2 avdelingar: Symra og Kvisten.

Kvar avdeling består av 2 einingar med 10 plassar i kvar, der brukarane disponerar eit eige rom med bad, samt felles kjøkken og stove. Rommet inneheld seng, nattbord, kleskap og gardiner. Ein kan ta med litt private møblar og bilder for å sette sitt preg på rommet.

Måsettinga er at brukaren skal få den individuelle omsorga dei til ei kvar tid treng med tilpassa aktivitetar.

Det vert inngått husleigekontrakt, og brukaren betaler husleige og eigenbetaling for tildelte tenester.


Søknadsskjema (digitalt)

 

(skriv ut og send til Stryn kommune, Servicekontoret, Tonningsgt. 4, 6783 Stryn)
 

Husleigesatsar

Kontakt

Stryn omsorgssenter
Telefon 57 87 47 00

Tlf etter kl. 15 og før kl 09: 57 87 69 70

Post- og besøksadresse:
Myrane 18
6783 Stryn