Mellombels butilbod (nødsituasjon)

Er du i ein nødsituasjon utan nokon stad å sove og opphalde deg neste døgn, skal NAV hjelpe deg med å finne eit mellombels butilbod.


NAV skal finne eit mellombels butilbod til deg i akutte situasjonar dersom du ikkje klarar dette sjølv. Slike situasjonar kan vere ved brann, familie- eller samlivsbrot eller dersom du har blitt kasta ut frå staden du budde.


NAV skal finne eit konkret og tilgjengeleg butilbod. Dersom du ikkje har pengar til å betale for den mellombelse bustaden sjølv, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp.
Du kan få opphald i campinghytte, eller eit anna husvære som er eigna.
NAV skal sikre at det mellombelse butilbodet er forsvarleg. Kravet til butilbod er strengare dersom det er barnefamiliar eller ungdom som skal nytte butilbodet.


Eit mellombels butilbod skal hjelpe deg i ein akutt situasjon, og bør berre unntaksvis vare meir enn 3 månader. NAV skal gi deg råd og rettleiing for å hjelpe deg til eit varig butilbod.
Dersom du ikkje klarar å ta hand om interessene dine på bustadmarknaden, kan NAV-kontoret hjelpe deg praktisk med å skaffe bustad, ved til dømes å kontakte utleigar, eller bli med på visning.


Dersom du er i ein nødssituasjon utan ein stad å bu, kan du ta kontakt med NAV Nordfjord.


Du har rett til å klage på vedtaket frå NAV. Klagefristen er 3 veker etter at du har fått vedtaket.