Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem, kan NAV gje deg økonomisk rådgjeving. Hensikta med rådgjevinga er å hjelpe deg slik at du vert i stand til å styre økonomien din sjølv. Det er viktig at du søkjer hjelp så snart som mogleg. Tenesta er gratis.

Les meir på nettsida: Økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving

Kven kan få?

Du kan be om økonomisk rådgjeving
•    dersom du ikkje har midlar til å dekke naudsynte behov
•    dersom det er vanskeleg å betale rekningane og betene gjelda di
•    når du søkjer om økonomisk sosialhjelp


Kva hjelp kan du få?

NAV tilpassar rådgjevinga etter behova dine. Du kan til dømes få hjelp til å lage ei oversikt over den økonomiske situasjonen din og sette opp eit realistisk budsjett.


Du kan også få hjelp til å
•    finne ut korleis du kan få redusert utgiftene
•    gjere avtalar med dei du skuldar pengar
•    skrive søknad om utsetjing av betaling
•    få opplysingar om rettar og plikter
•    inngå gjeldsordningsavtale
•    forhandle med kreditorar
•    kontakte namsmannen

Dette kan du gjere sjølv

For at du skal få best mogleg hjelp frå NAV, må du legge fram alle naudsynte opplysingar. Då får NAV ei heilskapleg oversikt og kan kome med forslag til tiltak.


Før møtet med NAV bør du difor skaffe dokumentasjon som
•    utskrift av siste skattemelding (tidlegare likning)
•    saldo på alle kontoar
•    kopi av husleige- eller framleigekontrakt for dokumentasjon av buutgifter
•    lønsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månadene
•    dokumentasjon på eventuell bustønad
•    opplysingar om lån, kredittgjeld osv.
•    kvittering for betalt husleige og straum
•    utgifter til lege, fysioterapi, kiropraktor og tannlege
•    utgifter til barnehage, SFO eller anna barnepass
•    utgifter til forsikring
•    opplysingar om innskot i spareordningar


Dersom du har fått ei «begjæring om utlegg» eller ei innkalling til forliksrådet, tek du den med.


Korleis søkjer du om hjelp?

Ring NAV Gjeldsrådgivning på telefonnummer 55 55 33 39, eller ta kontakt med NAV Nordfjord for å avtale eit møte.