Økonomisk sosialhjelp

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels inntekt. Målet med stønaden er at du så raskt som mogleg skal kunne klare deg sjølv. Før du kan få stønad må du vurdere alle andre moglegheiter til å forsørgje deg sjølv. Dette kan til dømes vere gjennom jobb, andre inntekter eller eigne midlar. 

Kommunale retningslinjer for økonomisk sosialhjelp 2023 (PDF, 129 kB)

Les meir på nettsida til NAV: Økonomisk sosialhjelp
 

Før du søkjer

NAV må ha tilstrekkeleg dokumentasjon og treng opplysningar om inntekter og utgifter. Du må i utgangspunktet dokumentere alle opplysningar skriftleg.
 

Døme på kva du må leggje ved søknaden

Du må ha lovleg opphald og ha fast bustad i Noreg for å ha rett til økonomisk sosialhjelp. Dersom du oppheld deg i utlandet, har du ikkje rett til økonomisk sosialhjelp.
Alle har rett til å søkje om økonomisk sosialhjelp, og få ei individuell vurdering av saka si.
 

Kva kan du søkje om

Nokre døme på kva du kan søkje om, er utgifter til:
•    å leve/ livsopphald (grunnleggande behov som t.d. mat, klede, fritidsaktivitetar, helseutgifter m.m.)
•    å bu (t.d. husleige og straum)
•    flytting
•    innbu og utstyr
•    garanti for depositum
•    helse- og tannbehandling
 

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt

No kan du søkje om sosialhjelp digitalt i Stryn kommune. Den nye løysinga gjer at du kan søkje heimanfrå heile døgnet på PC, mobil eller nettbrett. For å søkje sosialhjelp digitalt, må du logge deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar som Buypass eller Commfides.
 

Treng du hjelp?

Treng du hjelp med utfyllinga, kan du ringe NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Du kan også få hjelp på NAV-kontoret mellom kl 10-14 etter avtale. Dersom du av ulike årsaker ikkje kan, eller ønskjer å nytte deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du framleis møte opp på NAV-kontoret eller bruke papirsøknad.
 

Meir informasjon

På menyen på nav.no under sosiale tenester og økonomisk sosialhjelp finn du meir informasjon vegvisar økonomisk sosialhjelp nav.no
 

Etter du har søkt

Sakshandsamingstida til NAV Stryn er normalt tre veker. Dersom det går meir enn éin månad, skal du få eit førebels svar. Om du ikkje har levert all nødvendig dokumentasjon, kan det ta lengre tid før du får svar på søknaden din. Om du er i en naudssituasjon, skal du få svaret raskt.
Når vi har behandla søknaden din, får du eit vedtak som du må lese nøye. Ofte vil vi stille eitt eller fleire krav til deg i vedtaket som du må oppfylle. Dersom du meiner at vedtaket er feil, kan du klage. Klagefristen er 3 veker frå du har fått vedtaket.
 

Satsar

Stønaden blir utrekna etter ei individuell vurdering.
Det finst statlege rettleiande satsar og retningslinjer for å utrekne økonomisk stønad.
 

Utbetalingar

I vedtaksbrevet ditt finn du meir informasjon om utbetalingar.