Stryn ungdomsråd

Stryn ungdomsråd skal gje ungdom i kommunen høve til å påverke og ta ansvar for sitt eige oppvekstmiljø gjennom aktiv deltaking og medverknad i politiske prosessar, samt engasjere ungdom i politisk arbeid.

Stryn Ungdomsråd skal ha ni faste representantar, samansett slik:

  • 3 faste representantar og 2 vararepresentantar frå Olden skule (8., 9. og 10. klasse)

  • 3 faste representantar og 2 vararepresentantar frå Stryn ungdomsskule (8., 9. og 10. klasse)

  • 3 faste representantar og 2 vararepresentantar frå Stryn vidaregåande skule i alderen 16 - 20 år.

 
Stryn ungdomsråd lyser kvart år ut ungdomsmidlar til tiltak/ prosjekt som stimulerer til aktivitet og engasjement for born og unge. Les meir om ungdomsmidlane her
 
I kommunestyret 9. oktober 2000 vart det vedteke å starte opp Ungdommens kommunestyre (UKS) i Stryn. I 2012 vart namnet endra til Stryn ungdomsråd (SU).
 

Kontakt

Ungdomskontakt
Telefon 57 87 47 76

Post- og besøksadresse:
Tonningsgata 4,
6783 Stryn