Ved nesten alle typer omdisponering av areal krev Lov om naturmangfald at ein skal utgreie konsekvens for naturmangfaldet.
Det må utgreiast:
-
bestandsituasjon, naturtyper si utbreiing og økologiske tilstand, og effekt av påvirkningar
-
kva virkning det har for naturmiljøet, og unngå skade for naturmangfaldet
-
økosystemtilnærming og samla belastning
-
driftsmetoder, teknikk og lokalisering som gjev dei beste samfunnsmessige resultat
Tiltakshavaren skal dekke kostnadane ved å hindre eller begrense skade på naturmangfaldet.
Framande planteartar
Framande artar er uønska i norsk natur. Fleire planteartar er i rask spreiing i vår kommune, mellom anna parkslirekne, platanlønn, rynkerose og hagelupin. Ved fjerning av desse planteartane er det viktig å unngå spreiing av plantedeler, frø og voksegrunn til nye lokalitetar.
Sist endra 29.12.2022 14.34