Vassdragsvern

Vi har tre varig verna vassdrag i kommunen, der heile nedbørfeltet er verna mot kraftutbygging. Dette gjeld Strynevassdraget, Loenvassdraget og Oldenvassdraget.

I tillegg har vi små vassdragsfelt i Nord-Markane som er ein del av det varig verna Hornindalsvassdraget.

I tråd med rikspolitiske retningsliner for varig verna vassdrag, har kommunen utarbeidd forvaltningsplan for desse fire vassdraga. Planane er tematiske kommunedelplanar, og deler vassdraga inn i ulike klassar utifrå kor påverka dei er av menneskeleg aktivitet.

Ulike inngrepstypar i eller ved vassdraget er inndelt i kategoriar, vurdert etter kor konfliktfylt dei er. På denne måten seier planen kor konfliktfylt det er å gjennomføre eit bestemt inngrep i eit bestemt område langs elva.

Plantekst og plankart til forvaltningsplan for verna vassdrag i Stryn: