Hogst, planting og forsikring

Hogst vil utløyse foryngingsplikta og det må planleggast slik at det blir samsvar mellom foryngingsmåte og hogstmetode. Innmelding av tømmeromsetning kan gjerast til Vestskog eller Norskog, eller direkte gjennom AltInn.

Hugs alltid på å velje sats for avsetning til skogfond ved registrering eller tømmermåling. Sjå meir om skogfond under skogfond. Avvirka skogareal må normalt plantast innan tre år. Vestskog og Norskog/ Nortømmer leverer planter etter bestilling og kan utføre planting. Skogfondet ditt kan nyttast til plantekjøp og planting, og det blir gitt tilskot til utgiftene ved planting dersom kravet til minste utplantingstal er oppfylt.

Det er eitt felles søknadsskjema for refusjon av utgifter knytt til planting og tilskot til planting. 

Dersom det ikkje er ønskje om å forynge skogen, må dette meldast til skogbruksansvarleg i kommunen. Skogsarealet kan nyttast som innmarksbeite med vilkår om at området vert rydda for hogstavfall, at det blir etablert eit dekke med minst femti prosent gras og urter, og at det blir inngjerda. Innmarksbeitet skal beitast, så hald av eigne beitedyr eller bortleige til andre som nyttar beitet er eit vilkår. Meld frå til landbruksavdelinga i kommunen ved ønskje om endra bruk av landbruksareal.  

Skogbruket er regulert gjennom skogbrukslova og naturmangfaldlova med tilhøyrande forskrifter og rundskriv. I tillegg gir forskrift for berekraftig skogbruk viktige retningsliner.

Sjå meir om ulike tilskotsordningar ved hogst og planting under Tilskotsordningar.

Skogforsikring

Utan forsikring ber ein heile risikoen sjølv, sidan naturskadeerstatninga ikkje dekker skogskadar etter storm og skogbrann. Skogskader kan gi store verditap. Ein kan velge å forsikre seg mot brann, storm eller begge. Skogbrand er det einaste forsikringsselskap i Noreg som sel skogforsikring. Forsikringspremien kan dekkast med skogfond som gir 85 prosent skattefordel.

Har andre kjøpt tømmer på rot av deg?

Kjøpar av tømmer på rot skal registrere hogsten og skogfondet på den som er eigar av arealet. Hovudregelen er at alt areal som er hogge skal tilfredsstillande foryngast innan tre år etter hogsten. Det er den som er eigar av arealet som har foryngingsplikta, sjølv om nokon andre har hogge. Å forynge betyr å sikre at det kjem opp ny skog av tilsvarande, eller betre kvalitet. Den vanlegaste foryngingsmetoden er planting. Dersom det ikkje er ynskjeleg å forynge arealet må det i alle tilfelle søkjast om fritak frå foryngingsplikta. Søknad i fri form skal då sendast kommunen.

 

Sjå skogbrand.no for meir informasjon om premie og vilkår.  

Skjema

Skjema LDIR-909 Utbetaling frå skogfond og søknad om tilskot til skogkultur

Innmelding av tømmeromsetning via AltInn

Virkesomsetning og bestilling av planter

Vestskog

Norskog

Planting

Nyttige lenker

Regulering av skogbruk

Lov om skogbruk

Lov om forvaltning av naturens mangfold

Forskrift om berekraftig skogbruk