Landbruksvegar

Bygging og ombygging av landbruksvegar er søkepliktige tiltak som ikkje kan setjast i gong utan løyve frå kommunen. For å bli rekna som landbruksveg må meir enn 50% av interessene vere knytt til jordbruk eller skogbruk.

Landbruksvegane blir handsama etter forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier, og skal byggast i samsvar med normaler for landbruksveier. Vegar der hovuddelen av interessene er knytte til busetting, hytter eller anna næringsverksemd er ikkje landbruksveg, men er søknadspliktig. Slike vegar skal handsamast etter plan- og bygningslova. Oppstillingsplass for landbruksmaskiner til bruk på eigedomen og midlertidige enkle driftsvegar på inntil 150 meter som medfører ubetydelege terrenginngrep er ikkje søkepliktige.

 

Tilskot

Stryn kommune kan løyve tilskot til landbruksvegar i klasse 2 til 7, etter gjeldande retningsliner og tiltaksstrategi. Det kan løyvast tilskot til nybygging eller ombygging av skogsvegar som gir grunnlag for å utnytte skog- og utmarksressursar. Vegar der fleire interessentar samarbeider, vert prioritert. Enkle traktorvegar, landbruksvegklasse 8, får ikkje tilskot. Det er ikkje automatisk kopling mellom kommunalt løyve til å bygge veg og tilskot til bygging av veg. Søknad om tilskot sendast Stryn kommune etter at det er mottatt løyve om å bygge veg, men før arbeidet med vegbygginga vert sett i gong.

Retningsliner for tilskot til skogsvegbygging
 

Bruk av skogfond til landbruksveg

Skogfond kan nyttast til å dekke utgifter skogeigar har til planlegging og bygging av nye skogsbilvegar, eller opprusting av eksisterande skogsbilvegar og velteplassar.

Vedlikehald av skogsbilvegar kan dekkast av skogsfond med inntil 4 kr pr. løpemeter. Høgare kostnader må eventuelt godkjennast av kommunen før arbeidet blir sett i gang. Skogfond kan ikkje brukast til vedlikehald av traktorvegar eller reparasjon av vegar etter hogst.

Skjema

Søknadsskjema bygging av landbruksveg LDIR-902

Søknadsskjema tilskot til vegbygging LDIR-903

Lenkjer

www.skogsvei.no

Forskrift om planlegging og godkjenning av landbruksveier

Normaler for landbruksveier