Reiseliv

Stryn har lange tradisjonar med reiseliv, og er ein av dei største reiselivskommunane på Vestlandet. Visit Nordfjord er det offisielle destinasjonsselskapet for kommunane Stryn, Hornindal, Gloppen, Eid, Vågsøy og Selje.

Nordfjord blir marknadsført under slagordet «Alt i ein fjord» som gjev ei god beskriving av det unike Nordfjord har å by på som bu- og arbeidsområde, reisemål og for næringsetablering. Breane, fjella og fjorden har vore viktige trekkplaster for turismen og utvikling av reiselivet. Det er dei framleis, men i tillegg blir det lagt til rette for ulike typar aktivitetar i naturen. Vi har blant anna eit godt utbygt sti- og løypenett som kan nyttast heile året til fots, på ski eller på sykkel. 

Du finn turistinformasjon i Stryn sentrum og Olden: