Fiskeforvaltning

Kommunen har ansvar for å ivareta fisken sine leveområde i planlegging etter pbl. Stryneelva, Loelva og Oldenelva er alle nasjonale laksevassdrag og heile Nordfjorden har status som nasjonal laksefjord. Dette har betydning for kor viktig det er å ta vare på desse fiskestammane.

Laks og sjøaure vert i hovudsak forvalta av dei lokale elveeigarlaga og av fylkesmannen si miljøvernavdeling. Lakse- og sjøaurestatistikk finn du i Lakseregisteret.

I 2017 vart eit større prosjekt for å betre oppveksttilhøva for laks og sjøaure i Stryneelva fullført.

Det er lett tilgang til fiskekort på innlandsfisk i kommunen. Det største fiskekortområdet er i Oppstryn, der både Oppstrynsvatnet og alle småvatn og elvar i kretsen er med. Fiskekortsal på hotell og campingplassar i dette området. Lovatnet kan tilby gratis fiske og Oldevatnet har eige kortsal på reiselivsbedrifter i dalen.

Sjå film frå Strynevassdraget på facebook
(du finn den om du scrollar litt ned)


Sjå Norske lakseelver sine nettsider for informasjon om elveeigarlag og fiskereglar m.m.:

Stryneelva

Oldenelva