Ny visjon for Stryn kommune

Ein visjon er noko inspirerande og meiningsfullt som vi skal jobbe for å oppnå. Som regel ikkje lenger enn 3-5 ord – det skal vere noko som folk hugsar.

 

I samband med kommuneplanen sin samfunnsdel, skal det utarbeidast ein visjon for Stryn kommune. Kommunestyret og kommuneadministrasjon bestemte seg i slutten av april for at innbyggarane i Stryn kommune skal få vere med på å lage visjonen. 
☘️
Kva kjenneteiknar Stryn i framtida?
💚 
Kven er Stryn for?

🌿
Kven er vi i Stryn?
🍃

Har du eit godt forslag til visjon? 

Send det inn til oss via dette skjemaet innan 1. august!