Kva er kommuneplanen sin samfunnsdel?
Kommunen er pålagt å ha ein samla kommuneplan, og denne omfattar samfunnsdel med handlingsdel og arealdel. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vare frem til 2035, og det er kommunens viktigaste styringsverktøy. Planen skal synleggjere ønska retning for kommunen med mål, delmål og strategiar. Planen gjeld heile samfunnet i Stryn kommune, og det er derfor viktig med god involvering både frå administrasjonen, innbyggarar, lag, organisasjonar og næringsliv. Det er politikarane som skal vedta planen, og dei må ha eit godt grunnlag for å kunne setje mål for kommunen.
Innspel til samfunnsdelen
Innspel frå innbyggarane i kommunen er det viktigaste verktøyet vi har når vi skal arbeide med samfunnsdelen. 1.-30. april var det medverknadsprosess, og vi fekk inn mange gode innspel! Vi hadde framtidsmøte for innbyggarane i bygdene våre, digital spørjeundersøking og innspelsportal, møte med næringslivet, og jobba mot barn og unge. Vi driv framleis å arbeider med innspela, og dei som er klare kan du sjå under:
Administrativt kunnskapsgrunnlag
Før medverknadsprosessen vart det utarbeidd eit kunnskapsgrunnlag frå kommuneadministrasjonen. Dette tok for seg utfordringar og moglegheiter for framtida frå administrativt synspunkt, og skal også vere eit verktøy for politikarane når samfunnsdelen skal utarbeidast.
Sjå kunnskapsgrunnlaget her (PDF, 14 MB)
Planprogram
Hausten 2022 starta arbeidet med samfunnsdelen. Då vart det laga eit planprogram som tok føre seg dei viktigaste fokusområda som burde vere med i samfunnsdelen, samt ei liste over førebelse satsingsområde som politikarane hadde laga.
Sjå planprogram her
KVA SKJER VIDARE?
Medverknadsprosessen er over, og vi har skaffa politikarane deira viktigaste verktøy inn mot arbeidet med samfunnsdelen. I mai skal det vere to arbeidsverkstadar med politikarane der det skal utarbeidast mål, delmål og strategiar for Stryn fram mot 2035.
PLanen er no lagt ut på høyring og offentleg ettersyn, og vedtak av samfunnsdelen vil skje i haust.
F A G R E S T R Y N 2 . 0 Kommuneplanen sin samfunnsdel 2024-2035 (PDF, 16 MB)
Kommuneplanen sin samfunnsdel godkjent av kommunestyret 31.10.24
Samfunnsdelen legg føringar for all planlegging som skal føregå i kommunen dei komande åra, og syner ønska retning på utviklinga i Stryn kommune. Samfunnsdelen består av mål for samfunnet som heilskap, mål for kommunen som organisasjon og ein arealstrategi som syner dei overordna prinsippa for framtidig arealutvikling.
Fagre Stryn 2.0 samfunnsdelen som pdf-fil (PDF, 5 MB)