Innføring av vegadresser i Stryn kommune
146 namn på vegar/områder er vedtekne (25.10.2016 og 13.08.2019). Det er tildelt adresse på mange av dei vedtekne vegane.
Vedtekne vegnamn finn du her (PDF, 325 kB)
Arbeidet med å tildele vegadresser kan kort oppsummerast slik:
- Dele inn vegnettet i adresseparsellar
- Samle inn forslag til vegnamn
- Namnenemnda innstiller forslag til vegnamn
- Namneforslag leggast ut på høyring
- Den regionale stadnamntenesta skal få namneforslaga på høyring
- Sektorutval for tekniske tenester vedtek vegnamn
- Kommunen tildeler adressenummer og informerer eigar/festar om den nye offisielle adressa på eigedomen
- Statens vegvesen og kommunen set opp vegskilt
- Eigar/ festar set opp nummerskilt på huset sitt. Meir informasjon om skilting finn du her.
Namnenemnda er kommunen sitt rådgjevande organ i saker etter stadnamnlova der kommunen har vedtaksmynde og uttalerett.
Rådmannen har i samråd med leiar i sektorutval for tekniske saker, jamfør KS sak 68/15, valt desse medlemmane i namnenemnda:
- Kari Synnøve Muri (leiar)
- Håkon Loen
- Einar Guddal
- Kristian Solvang
- Inge Fænn
- Arne P. Sunde
- Tanja S. Hage
Skrivemåten for stadnamn er regulert i stadnamnlova. Før kommunen gjer vedtak om adressenamn skal den regionale stadnamntenesta få namneforslaget til uttale. Stadnamntenesta kan også gi råd om val av adressenamn.
Adressetildeling
Det er kommunen si oppgåve å tildele eller endre offisielle adresser. Adresseringsarbeidet er heimla i matrikkellova kap 4 og matrikkelforskrifta kap 12 . Kommunen skal informere registrert eigar eller festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for få høve til å uttale seg.
Ved omadressering frå matrikkeladresse til vegadresse vil kommunen informere om forslag til vegadresse. Eigarane vil få ein frist til å kome med merknadar før det vert gjort endeleg vedtak om adressering.
Når vedtaket om adressering er gjort, får eigarane klagerett. Den nye adressa vert registert i matrikkelen (eigedomsregisteret), som mellom anna er grunnlag for folkeregisteret.
OFTE STILTE SPØRSMÅL OM INNFØRING AV VEGADRESSER
Det er staten som har bestemt at vegnamn med adressenummer skal innførast som ei felles ordning for heile landet.
Den viktigaste grunnen er tryggleiken for liv, helse og eigedom. Talet på naudsentralar er redusert dei siste åra, det er også lokalkunnskapen hjå operatørane. Eit einsarta adressesystem kan nyttast av alle, det gir betre moglegheit for planlegging av køyreruter og redusert responstid for utrykkingskøyrety. Dette siste kan vere avgjerande i ein krisesituasjon. Bruk av GPS føreset at vegane har namn og at adressenummer er tildelt.
Vegadressa vert registrert i matrikkelen og er eigedomen si offisielle adresse frå den dagen adressevedtaket er fatta og melding om dette er sendt til grunneigar.
- Kjøpe og setje opp adressenummerskilt
Du som eigar må sjølv setje opp adressenummerskilt på huset ditt. For eksisterande bygg/ eigedomar skal nummerskilt vere sett opp innan seks månadar etter at vegadressa er tildelt. For nye bygg skal nummerskilt vere oppsett før bygget vert teke i bruk. Les meir om skilting her.
- Informere private kontakter om den nye adressa
Posten har laga ei enkel løysing slik at du raskt kan informere kontaktene dine om den nye adressa.
Dersom du har spørsmål til Posten kan du kontakte kundeservice på telefon 04004 eller på www.posten.no
På mine adresser kan du kontrollere om Posten har registrert rette adressa di og eventuelt endre denne sjølv.
- Orientere eventuelle leigetakarar
Sende flyttemelding til folkeregisteret med melding om personar som ikkje allereie er registrerte på den gamle matrikkeladressa.
Her finn du skjema for flyttemelding til folkeregisteret
MERK: Det er den einskilde bebuar/ leigetakar som må kontrollere at han/ ho er oppført på rett adresse i folkeregisteret. Dei som står oppført på feil adresse, må sjølv melde frå om dette til folkeregisteret.
Informasjon om korleis adressenummerskiltet skal utførast finn du her.
Gjeldande lovverk
Matrikkellova
Matrikkelforskrifta
Adresseforskrift for Stryn kommune
Stadnamnlova
Forskrift om stadnamn
Om stadnamn
Sist endra 03.02.2022 10.33