Innføring av vegadresser i Stryn kommune

146 namn på vegar/områder er vedtekne (25.10.2016 og 13.08.2019). Det er tildelt adresse på mange av dei vedtekne vegane.

Vedtekne vegnamn finn du her (PDF, 325 kB)

 

 

 

 

Adressetildeling

Det er kommunen si oppgåve å tildele eller endre offisielle adresser. Adresseringsarbeidet er heimla i matrikkellova kap 4 og matrikkelforskrifta kap 12 . Kommunen skal informere registrert eigar eller festar ved tildeling og endring av adresse. Før kommunen gjer endeleg vedtak skal dei som vedtaket får verknad for få høve til å uttale seg.

Ved omadressering frå matrikkeladresse til vegadresse vil kommunen informere om forslag til vegadresse. Eigarane vil få ein frist til å kome med merknadar før det vert gjort endeleg vedtak om adressering.

Når vedtaket om adressering er gjort, får eigarane klagerett. Den nye adressa vert registert i matrikkelen (eigedomsregisteret), som mellom anna er grunnlag for folkeregisteret.

OFTE STILTE SPØRSMÅL OM INNFØRING AV VEGADRESSER    

 

Gjeldande lovverk      

Matrikkellova     

Matrikkelforskrifta  

Adresseforskrift for Stryn kommune    

Stadnamnlova     

Forskrift om stadnamn  

Om stadnamn