Fritak

I eigedomsskattelova § 5 står det kva eigedomar som skal ha heilt eller delvis fritak, medan det i § 7 er reglar for kva eigedomar kommunestyret kan frita for eigedomsskatt.

Fritak etter § 7 i eigedomsskattelova gjeld for eit år om gongen.

Fritaksliste til offentleg ettersyn 2020 (PDF, 241 kB)

Om du meiner at du skulle hatt fritak, men ikkje har fått det, kan du søkje om det.

Fritak

Korleis søkje om fritak?

Det er ikkje laga eige skjema for søknad om fritak.

Du kan sende ein grunngjeven skriftleg søknad om fritak til e-post:

postmottak@Stryn.kommune.no

eller til:

Stryn kommune 

Tonningsgata 4 

6783 Stryn.

Det er kommunestyret som avgjer søknad om fritak.