Nedsetjing/ ettergiving av eigedomsskatt

Skattytar kan søkje formannskapet om nedsetjing eller ettergiving.

§ 28.Eigedomsskattelova:  Om særlege grunnar gjer at det blir særs urimeleg om heile eigedomsskatten blir innkravd, kan skatten setjast ned eller ettergjevast av formannskapet.

Ein grunn til nedsetjing eller ettergiving kan vere at skattytar, på grunn av sjukdom, har fått reduserte inntekter og ikkje har formue å betale eigedomsskatten med. Eit anna døme kan vere brann eller anna øydelegging av bygningen før omtaksering.

 

Elektronisk søknad med bank-id innlogging om nedsetjing/ ettergiving av utlikna eigedomsskatt

Søknad om nedsetjing/ ettergiving av utlikna eigedomsskatt (PDF, 245 kB) denne søknaden må printast ut og sendast til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn

 

Lov om eigedomsskatt til kommunane (eigedomsskattelova)