Gravemelding

Før graving på offentleg eigedom blir sett i gong, må du ha godkjent gravemelding.

På privat eigedom der gravearbeidet kan føre til skader eller ulemper på offentlege innretningar, skal gravearbeidet og meldast.

Gravemelding

Hugs å skaffe kabelkart

Kabelkart for graving må du skaffe hos kabel- og ledningseigar.

Du må sjølv søkje om utlevering av kart og eventuell påvising, og betale eit gebyr for desse tenestene til selskapet Geomatikk. Du må logge deg på Kundeportalen med brukarnamn og passord inkl. organisasjonsnummer, og få tilbakemelding på gravemeldinga.

 

Graving i riks- og fylkesvegar

Dersom du skal grave i riks- og fylkesvegar eller gang- og sykkelveg langs riksveg, må du innhente løyve frå Statens vegvesen. Du kan ringje dei på telefon 02030.

Gravemelding - generelle vilkår

 

  • Før graving på offentleg eigedom blir sett i gang, må du ha godkjent gravemelding. På privat eigedom der gravearbeidet kan føre til skader eller ulemper på offentlege innretningar, skal gravearbeidet og meldast. Til slik melding blir og elektronisk skjema om gravemelding nytta.
     
  • For graving på riks- og fylkesvegar, må meldaren og innhente godkjenning frå Statens vegvesen. For graving på kommunale vegar må godkjenning frå avdeling for kommunalteknikk i kommunen innhentast.
     
  • Dersom kablar, leidningar eller andre offentlege innretningar blir påført skade som følgje av gravearbeidet, vil den som har forårsaka skadene bli gjort økonomisk ansvarleg for utbetringsarbeidet og evt. andre dokumenterte tap. Dersom feil eller manglande påvising er skuld i skaden, blir reparasjonskostnad dekt av den som eig kablar/ røyr.
     
  • Ved graving i veg og anna trafikkareal, skal grøftene fyllast med maskinpukk som komprimerast slik at setningar ikkje oppstår. Vidare skal toppen av pukklaget forseglast med midlertidig dekke av bitumine materialar for bituminøse dekke, og grus for grusdekke. Permanent istandsetjing skal utførast av entreprenøren, inkl. kostnad med dekkelegginga. Dette skal ordnast seinast 1 mnd etter avslutta gravearbeid eller dersom vinterarbeid, straks tilhøva gjer det mogleg. Dersom ikkje dette blir gjort kan kommunen reparere dekket for entreprenøren si rekning.
     
  • Ved kryssing av drenssystem og overflategrøfter, blir det kravt at desse blir sett i forsvarleg stand.
     
  • Bortsett frå dei tilfella der meldaren og må hente inn godkjenning frå Statens vegvesen, vil alle meldingar som knyter seg til handsaminga av gravemeldinga bli gjeven av kommunen si avdeling for kommunalteknikk.
     
  • Godkjent gravemeldin med kart og varslingsplan skal alltid finnast på arbeidsplassen og leggjast fram dersom dette blir kravt. Kart som viser arbeidsområdet skal følgje søknaden.
     
  • Arbeidet må ikkje setjast i gang før det er henta inn godkjenning for gravearbeidet. Om ein etat har nedgravde innretningar skal dei kontaktast for påvising. For arbeid som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20, gjeld ikkje graveløyvet før det ligg føre godkjend byggesøknad.
     
  • MELDING OM SKADE: Moglege skader skal meldast straks. Meldinga skal leverast til den etaten som eig rør/ rørkabel.