Reseksjonering

Reseksjonering er endring av allereie seksjonerte eigedomar. Dette kan til dømes vere ei ytterlegare oppdeling eller samanslåing av eksisterande seksjonar.

Er ikkje eigedomen seksjonert frå før, er det seksjonering du må søke om.

Slik søker du

1. Fyll ut skjema for reseksjonering

Du treng berre å føre opp seksjonar som skal endrast.

For hjelp til utfylling av skjemaet, sjå kommunal- og moderniseringsdepartementet sin rettleiar

 

2. Legg ved situasjonskart for eigedomen (link til kart på nett)

Situasjonskartet må vise:

  • Grensene for eigedomen
  • Omrisset av bygningen/bygningane
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Du kan også søke om seksjonering av uteareal saman med reseksjonering av bygningen/bygningane. Les meir om seksjonering av uteareal.

3. Legg ved planteikningar for etasjane som skal endrast

Planteikningane må innehalde:

  • Klar merking av grensene for brukseiningane og grensene mellom seksjon og fellesareal. Merkinga må gjerne skje ved bruk av ulike fargar.
  • Forslag til seksjonsnummer
  • Informasjon om kva dei ulike romma skal nyttast til
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Viss du ikkje skal endre på grensene inne, kan du sjå vekk frå dette punktet.

Dersom deler av bygningen/bygningane skal vere tilleggsareal til seksjonane, må du markere dette på planteikningane. Eit tilleggsareal er arealet som ligg utanfor hovuddelen av seksjonen, til dømes ein bod eller garasje utanfor leilegheita. Marker tilleggsarealet med tilleggsareal og seksjonsnummeret som arealet skal høyre til (til dømes TSNR1 dersom arealet skal høyre til seksjon nummer 1).

4. Bestille samtykke frå bank eller meklar

Har du pant eller ein uråderett tinglyst på eigedomen, må den som står som eigar av desse samtykke til reseksjoneringssøknaden din. Du kan kontakte Kartverket  (telefon: 32 11 80 00), eller bestille grunnboksutskrift på seeiendom dersom du er usikker på om du har dette.

5. Fyll ut søknad om oppmåling ved seksjonering av uteareal

Dersom utearealet skal seksjonerast (ikkje vere fellesareal), må du fylle ut søknad om oppmåling (link til skjema) og sende inn saman med søknaden om reseksjonering.

Les meir om seksjonering av uteareal.

6. Lever søknadsskjemaet med vedlegg

Lever søknadsskjemaet med vedlegg per post til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn, eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.

Alle dokument må leverast i tre eksemplar.

Kva skjer vidare  

Kommunen handsamar søknaden. Dersom det er feil eller manglar i søknaden, får du ei frist for retting. Dersom søknaden oppfyller vilkåra for reseksjonering, gjer vi vedtak om reseksjonering, fører saka i matrikkelen og sender dokumenta til tinglysing. Når saka er tinglyst, får du tilsendt dei tinglyste dokumenta og matrikkelbrev for dei nye seksjonane.

Viss de skal fordele uteareal, må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning etter matrikkellova før vi kan sende dokumenta til tinglysing.

Gjeldande lovverk   

Eigarseksjonslova:

Eventuelt forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering

Matrikkellova

Plan- og bygningslova