Seksjonering av uteareal

Dersom du ønskjer at utearealet i sameiget skal fordelast på eigarseksjonane til eksklusivt bruk, må du søkje om oppmåling av utearealet (link til skjema). Dei fordelte uteareala vil då tilhøyre dei ulike seksjonane og kan ikkje endrast på utan samtykke frå eigarane av seksjonane.

Seksjonering av uteareal

Vilkår for fordeling av uteareal
  • Alle som eig ein seksjon må kunne kome seg fram til sin eigen seksjon frå fellesarealet.

  • Uteareal som er vedteke som fellesareal i byggjeløyvet eller reguleringsplan kan ikkje fordelast til enkelte seksjonar. Desse må vere fellesareal.

Så lenge desse to vilkåra er oppfylt står du fritt til å fordele utearealet slik du sjølv vil.

Kva kostar det?

Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Areal

Pris

0-50 m²

6 800 kroner

51-250 m²

8 400 kroner

251-2000 m²

11 000 kroner

Areal frå 2001 m² - auke per påbegynt 1000 m²

700 kroner

 

Du må i tillegg betale for handsaming av seksjoneringssøknad/ reseksjoneringssøknad.

Det blir fakturert etter medgått tid. Kr 1020,- pr time

.

Slik søkjer du

Du kan fordele uteareal;

  • Samstundes som du seksjonerer for første gong:
    Her finn du søknadsprosessen for seksjonering.

  • Etter at eigedomen er seksjonert: 
    Her finn du søknadsprosessen for reseksjonering.

Saman med søknaden om seksjonering/ reseksjonering leverer du inn:

  • Søknad om oppmåling

  • Eit situasjonskart der du har teikna inn fordelinga av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal med tilleggsareal og seksjonsnummer på den seksjonen arealet skal tilhøyre. Du må også skilje tydeleg mellom kva som skal vere tilleggsareal og fellesareal.

Kva skjer vidare

Kommunen vil kalle inn til oppmålingsforretning for oppmåling av utearealet som skal fordelast. Du får skriftleg varsel seinast 14 dagar før oppmålingsforretninga.

Gjeldande lovverk

Eigarseksjonslova:

Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering 

Matrikkellova:

Plan- og bygningslova: