Reseksjonering

Reseksjonering er endring av allereie seksjonerte eigedomar. Dette kan til dømes vere ei ytterlegare oppdeling eller samanslåing av eksisterande seksjonar.

Er ikkje eigedomen seksjonert frå før, er det seksjonering du må søke om.

Reseksjonering

Kven kan søkje?

Eigaren av ein seksjon kan søkje om å dele seksjonen i to eller fleire seksjonar, eller slå saman to eller fleire seksjonar til ein eller fleire seksjonar.

Reseksjonering der oppdeling medfører oppretting av nye fellesareal, krev styret sitt samtykke. Medfører oppdelinga oppretting av nye seksjonar og auke i det samla stemmetalet, krevst samtykke frå årsmøtet.

Søknad om reseksjonering i andre tilfelle må setjast fram av styret. Søknad om løyve til endring av brukseininga sitt formål frå bustadformål til næringsformål, eller omvendt, skal setjast fram av eigar av seksjonen med samtykke frå årsmøtet.

Dersom du signerer søknaden på vegne av eigar, må du leggje ved ei fullmakt frå grunneigar. Fullmakta må vere original eller stadfesta rett kopi.

Vilkår for reseksjonering

Reseksjonering kan berre skje med samtykke frå alle som har tinglyst pant i dei seksjonane det gjeld. Samtykke må ligge føre når søknaden om reseksjonering vert sendt inn.

 

  • Kvar seksjon må ha einerett til å nytte ei brukseining.
  • Kvar seksjon må ha ein fast sameigebrøk.
  • Hovuddelen av brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning og ha eigen inngang.
  • Det må vere avsett tilstrekkeleg parkeringsareal til å sikre tal parkeringsplassar som følgjer av byggeløyvet.
  • Alle brukseiningane må vere omfatta av seksjoneringa.
  • Seksjoneringa kan berre omfatte éin grunneigedom, festegrunn eller anleggseigedom.
  • Det må vere fastsett om den enkelte seksjon skal nyttast til bustad eller næring, og bruksformålet må vere i samsvar med arealplanformålet eller annan bruk det er gitt løyve til.
  • Areal som andre seksjonseigarar treng tilgjenge til, og areal som etter plan- og bygningslova er avsett til felles uteopphaldsareal, må vere seksjonert til fellesareal.
  • Ved søknad som gjeld bustadseksjon, må kvar seksjon vere ei lovleg etablert bueining etter plan- og bygningslova og ha kjøken, bad og wc i hovuddelen av brukseininga. Dette betyr at desse romma må ligge inne i leilegheita, og at seksjonseigaren må ha tilgang til romma utan å måtte passere fellesareal eller andre brukseiningar. Dette gjeld likevel ikkje for bustadseksjonar som skal inngå i ein samleseksjon, eller som skal nyttast til fritidsbustad.
Kva kostar det?

Det blir fakturert etter medgått tid. Kr 975,- pr time

I tillegg kjem tinglysingsgebyr på 585 kroner per dokument som vert tinglyst.

Oppmåling av uteareal på eigarseksjon

Areal

Pris

0-50 m²

6 800 kroner

51-250 m²

8 400 kroner

251-2000 m²

11 000 kroner

Areal frå 2001 m² - auking per påbegynt 1000 m²

700 kroner

Slik søker du

1. Fyll ut skjema for reseksjonering

Du treng berre å føre opp seksjonar som skal endrast.

For hjelp til utfylling av skjemaet, sjå kommunal- og moderniseringsdepartementet sin rettleiar

 

2. Legg ved situasjonskart for eigedomen (link til kart på nett)

Situasjonskartet må vise:

  • Grensene for eigedomen
  • Omrisset av bygningen/bygningane
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Du kan også søke om seksjonering av uteareal saman med reseksjonering av bygningen/bygningane. Les meir om seksjonering av uteareal.

3. Legg ved planteikningar for etasjane som skal endrast

Planteikningane må innehalde:

  • Klar merking av grensene for brukseiningane og grensene mellom seksjon og fellesareal. Merkinga må gjerne skje ved bruk av ulike fargar.
  • Forslag til seksjonsnummer
  • Informasjon om kva dei ulike romma skal nyttast til
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Viss du ikkje skal endre på grensene inne, kan du sjå vekk frå dette punktet.

Dersom deler av bygningen/bygningane skal vere tilleggsareal til seksjonane, må du markere dette på planteikningane. Eit tilleggsareal er arealet som ligg utanfor hovuddelen av seksjonen, til dømes ein bod eller garasje utanfor leilegheita. Marker tilleggsarealet med tilleggsareal og seksjonsnummeret som arealet skal høyre til (til dømes TSNR1 dersom arealet skal høyre til seksjon nummer 1).

4. Bestille samtykke frå bank eller meklar

Har du pant eller ein uråderett tinglyst på eigedomen, må den som står som eigar av desse samtykke til reseksjoneringssøknaden din. Du kan kontakte Kartverket  (telefon: 32 11 80 00), eller bestille grunnboksutskrift på seeiendom dersom du er usikker på om du har dette.

5. Fyll ut søknad om oppmåling ved seksjonering av uteareal

Dersom utearealet skal seksjonerast (ikkje vere fellesareal), må du fylle ut søknad om oppmåling (link til skjema) og sende inn saman med søknaden om reseksjonering.

Les meir om seksjonering av uteareal.

6. Lever søknadsskjemaet med vedlegg

Lever søknadsskjemaet med vedlegg per post til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn, eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.

Alle dokument må leverast i tre eksemplar.

Kva skjer vidare  

Kommunen handsamar søknaden. Dersom det er feil eller manglar i søknaden, får du ei frist for retting. Dersom søknaden oppfyller vilkåra for reseksjonering, gjer vi vedtak om reseksjonering, fører saka i matrikkelen og sender dokumenta til tinglysing. Når saka er tinglyst, får du tilsendt dei tinglyste dokumenta og matrikkelbrev for dei nye seksjonane.

Viss de skal fordele uteareal, må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning etter matrikkellova før vi kan sende dokumenta til tinglysing.

Gjeldande lovverk   

Eigarseksjonslova:

Eventuelt forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering

Matrikkellova

Plan- og bygningslova