Seksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygningen. Ein eigarseksjon vil vere ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og lånast på uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane.

Seksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokker, to- og firemannsbustadar og næringsbygg i fleire etasjar med ulike brukarar av etasjane.

Dersom eigedomen allereie er seksjonert og du ynskjer å endre på den eksisterande oppdelinga, må du søke om reseksjonering.

Slik søker du

  1. Fyll ut søknadsskjema for seksjonering

Skjemaet må vere underteikna av alle eigarar av eigedomen som skal seksjonerast.

For hjelp til utfylling av skjemaet, sjå kommunal- og moderniseringsdepartementet sin rettleiar

  1. Legg ved situasjonskart for eigedomen

Situasjonskartet må vise:

  • Grensene for eigedomen
  • Omrisset av bygningen/bygningane
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Du kan også søke om seksjonering av uteareal saman med seksjonering av bygningen/bygningane. Les meir om seksjonering av uteareal.

  1. Legg ved planteikningar for alle etasjane, inkludert kjellar og loft

Planteikningane må innehalde:

  • Klar merking av grensene for brukseiningane og grensene mellom seksjon og fellesareal. Merkinga må gjerne skje ved bruk av ulike fargar.
  • Forslag til seksjonsnummer
  • Informasjon om kva dei ulike romma skal nyttast til
  • Gardsnummer, bruksnummer og eventuelt festenummer

Dersom deler av bygningen/bygningane skal vere tilleggsareal til seksjonane, må du markere dette på planteikningane. Eit tilleggsareal er arealet som ligg utanfor hovuddelen av seksjonen, til dømes ein bod eller garasje utanfor leilegheita. Marker tilleggsarealet med tilleggsareal og seksjonsnummeret som arealet skal høyre til (til dømes TSNR1 dersom arealet skal høyre til seksjon nummer 1).

  1. Lag vedtekter til sameiget

For at kommunen skal kunne opprette eit eigarseksjonssameige, må du lage vedtekter for sameiget. Minstekravet til vedtektene er at det står kva eigedom vedtektene gjeld for og tal styremedlemar. Vedtektene skal ligge ved søknaden.

  1. Fyll ut søknad om oppmåling ved seksjonering av uteareal

Dersom utearealet skal seksjonerast (ikkje vere fellesareal), må du fylle ut søknad om oppmåling (link til skjema) og sende inn saman med søknaden om seksjonering.

Les meir om seksjonering av uteareal.

  1. Lever søknadsskjemaet med vedlegg

Lever søknadsskjemaet med vedlegg per post til Stryn kommune, Tonningsgata 4, 6783 Stryn, eller ved oppmøte. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.

Alle dokument må leverast i tre eksemplar.

Kva skjer vidare

Kommunen handsamar søknaden. Dersom det er feil eller manglar i søknaden, får du ei frist for retting. Dersom søknaden oppfyller vilkåra for seksjonering, gjer vi vedtak om seksjonering, fører saka i matrikkelen og sender dokumenta til tinglysing. Når saka er tinglyst, får du tilsendt dei tinglyste dokumenta og matrikkelbrev for dei nye seksjonane.

Viss de skal fordele uteareal, må vi gjennomføre ei oppmålingsforretning etter matrikkellova før vi kan sende dokumenta til tinglysing.

Gjeldane lovverk    

Eigarseksjonslova

Forskrift om bruk av standardisert søknad om seksjonering

Matrikkellova

Plan- og bygningslova