Tettstadprosjekt


Rapporten "Konsept for utvikling av Hjelle" (PDF, 7 MB) 

er utarbeidd av 3RW arkitektar, på oppdrag frå Stryn kommune, som eit ledd i tettstadprosjektet for Hjelle. Rapporten er ein del av grunnlaget for kommunedelplan for Oppstryn.

Målet med prosjektet har vore å utforme eit konsept for utvikling av Hjelle. Det viser arkitektoniske løysingar med nye bueiningar, fellesområde som tener eksisterande og ny busetnad, med utforming og tilpassing som tek vare på Hjelle sitt særpreg.