Installering av vassmålar

Alle næringsbygg, driftsbygningar, offentlege bygg, kombinasjonsbygg, bustader over 250 m² og bustader med fleire bueiningar er pålagt å ha vassmålar.

Andre abonnentar kan og få installert vassmålar. 

Installasjon av vassmålar skal utførast av ein godkjend rørleggjar i samsvar med det til ei kvar tid gjeldande reglement.

Abonnenten må sjølv koste installasjon av vassmålar.

Gjennomsnittsforbruk er 60 m³ vatn i året for ein person. Er det få personar som bur i bustaden kan det vere lønsamt å installere vassmålar. Abonnentar utan målar betalar etter stipulert forbruk. 

Skjema for installasjon av vassmålar

Utlevering av vassmålar

Utlevering av vassmålar

Utlevering skjer på verkstadbygget til Stryn kommune, Perhusvegen 33.

Ta kontakt på følgjande telefonnummer for å få utlevert vassmålar:

  • Driftsoperatør tlf. 948 87 300/ 902 90 803
  • Vakttelefon veg tlf. 917 21 630
     

Utlevering av vassmålar: Måndag-fredag frå kl. 08.00 - 08.30 og kl. 15.00 - 15.30

Avlesing av vassmålar

Avlesing av vassmålar

Vassmålaren skal lesast av 1 gang i året (i desember).

Melding om avlesing blir sendt på tekstmelding (sms) til abonnentane. Abonnentar som ikkje mottek melding får tilsendt avlesingskort.

Stryn kommune ønskjer å få mest muleg registrering via tekstmelding og oppfordrar difor alle til å svare på mobil. Etter innmeldt målestand via tekstmelding vil du få ei melding tilbake.

For avlesing på nett, klikk på www.leseav.no og registrer målarstand ved hjelp av din unike kode som står på avlesingskortet.

Vilkår for installering og bruk av vassmålar
  • Vassmålaren er kommunen sin eigedom.
     
  • Teknisk etat bestemmer type, plassering og storleiken på målaren.
     
  • Huseigaren skal halde målaren lett tilgjengeleg for avlesing og vedlikehald. Blir ein målar borte eller skada, skal huseigaren omgåande melde frå til teknisk etat.
     
  • Teknisk etat avgjer kven som skal stå for installasjon og vedlikehald, samt eventuell flytting, utskifting eller fjerning av målaren.
     
  • Utgiftene til installasjon eller eventuell flytting av målaren skal betalast av huseigaren.
     
  • Teknisk etat kan etter skriftleg søknad frå huseigaren utføre kontroll av vassmålaren. Viser kontrollen feilavlesning på minst 4 % i øvre måleområde (2,5 m3/t til 5 m3/t) eller 10 % i nedre måleområde (0,15 m3/t til 2,5 m3/t) blir det føreteke justering, eventuell utskifting av målaren. Dersom feilen ligg innanfor desse grensene må den som har søkt om kontrollen betale kostnaden med kontrollen. Kontroll av målaren bør skje av andre enn leverandøren.
     
  • Dersom eventuelle feilmålte mengder ikkje kan bereknast tilstrekkeleg nøyaktig, vert avgifta justert for den periode det er tvil om etter gjennomsnittet av nærmaste avlesningsperiode før feilen er oppstått, og etter at den er utbetra.
     
  • For installasjon og bruk av vassmålaren gjeld elles kommunen sine tekniske føresegner.
     
  • Vassmålarar eldre enn 10 år skal skiftast ut, eller gjennomgå full overhaling.